Frisklivssentralen i Gloppen

Frisklivssentralen er eit lavterskeltilbod som er ope for alle! Samtidig har vi også individuelle tilbod som er tilpassa den enkelte.

Frisklivssentralen er ein arena for alle som ynskjer ei livsstilsendring. Her møter du rettleiarar, som gjennom samtale og praktisk oppfølging, kan hjelpe deg i arbeidet med å gjere endring og legge til rette for aktuelle aktivitetar.

Ønskjer du til dømes endring og oppfølging med tanke på kosthald, fysisk aktivitet eller tobakk, er du velkomen innom til ein prat. Du kan tilvisast frå til dømes lege, NAV eller fysioterapeut, men òg kome på eige initiativ. Du treng ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å nytte seg av tilbod frå Frisklivssentralen

Kontakt oss

Via servicetorget 57 88 38 00 eller direkte på tlf.  99 15 79 62