Frisklivsentralen i Gloppen

Frisklivsentralen er eit lavterskeltilbod som er ope for alle! Samtidig har vi også individuelle tilbod som er tilpassa den enkelte.

Frisklivsentralen er ein arena for alle som ynskjer ei livsstilsendring. Her møter du rettleiarar, som gjennom samtale og praktisk oppfølging, kan hjelpe deg i arbeidet med å gjere endring og legge til rette for aktuelle aktivitetar.

Ønskjer du til dømes endring og oppfølging med tanke på kosthald, fysisk aktivitet eller tobakk, er du velkomen innom til ein prat. Du kan tilvisast frå til dømes lege, NAV eller fysioterapeut, men òg kome på eige initiativ. Du treng ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å nytte seg av tilbod frå Frisklivsentralen

Klagerett

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettigheiter som pasient, eller at du ikkje har moteke dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

Klaga sender du først til fysio/ergoterapitenesta ved Jannike Felde. Då vil ho gjere ei vurdering av klaga og evt. endre avgjerda dersom ho er einig i klaga di. Viss ho framleis er ueinig, vert klaga automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren, som vil behandle klaga. 

Kontakt oss

Via servicetorget 57 88 38 00 eller direkte på tlf.  99 15 79 62