Frisklivssentralen tilbyr både individuell vegleiing og kurs for deg som ynskjer å slutte med røyk og snus. Mange klarer å slutte på eige hand, men det er dokumentert at støtte og vegleiing aukar sjansen for å klare det.
Våren 2025 har vi digitalt interkommunalt røykesluttkurs på teams, ope for alle i Vestland fylke. Kurset har inga kursavgift.
Oppstart mandag 24. mars 2025 kl. 14.00-15.30. Kurset har 6 samlingar. Ta kontakt på frisklivssentralen@gloppen.kommune.no for påmelding til vårens kurs.
Nokre temaer som vert presentert:
Kvifor brukar du tobakk?
Kvifor vil du slutte?
Kva hindrar deg?
Bruk av tobakk - vane og avhengighet
Legemidler og elektroniske hjelpemidler
Å øve på å utsetje, avlyse og erstatte tobakken
Glipp og sprekk
Vekt og mat Gevinster
Kanskje setje ein dato?
Planlegge ditt SLUTTEPROSJEKT
Individuelle samtaler
I tillegg til digitalt kurs tilbyr vi og individuelle samtalar ved røykeslutt, dette avtalast med vegleiar.
Slutta.no