Livssynsnøytralt seremonirom
Gloppen kommune tilbyr livssynsnøytralt seremonirom til gravferdsseremoni der ein fritt kan kombinere utrykk frå tradisjonar, kulturar og relegionar.
Gloppen kommune tilbyr to lokalitetar
- Trivselshagen kulturhus, kultursalen, med plass til 375 personar
- Dramasalen i Trivselshagen, med plass til 100 personar.
Korleis bestille?
Det er kyrkjeverje Audun Mundal (telefon: 91177823) som koordinerer og bestiller tid for denne typen seremoni, og som også har kontakt mot familien/pårørande.
Pris
Kommunen fakturerer etter faste satsar for bruk av lokale.
Gå til kulturhuset sin prisliste NB! prisane som gjeld for seremonirom er “Pris 1”
Kommunen sin kontaktperson er Ola Tarjei Kroken (telefon: 91336862)
Publisert 21.06.2024 12.18