COS P er eit rettleiingsprogram, primært for foreldre med barn i alderen 0-6 år. Foreldra får opplæring i Tryggleikssirkelen. Målet er å fremme trygg tilknyting til barnet. COS-kurs går over 8 samlingar.
Tilbodet kan ein få både i gruppe eller individuelt.
ICDP er eit enkelt, helsefremjande og førebyggande program som har som mål å styrke omsorga og oppveksten for barn og unge. I Gloppen tilbyr vi ICDP primært til foreldre med barn i skulealder.
Programmet finst i både standarversjon, som er for norskspråklege, og ein fleirkulturell versjon.
Tilbodet kan ein få både i gruppe eller individuelt.
PMTO foreldrekurs
Dette er eit terapeutisk tilbod til familiar med barn i alderen 4-12 som opplever at samspelet mellom foreldre og barn har blitt konfliktprega og fastlåst, og at barnet viser åtferdsvanskar.
Tilbodet blir gitt individuelt. Dette vil bli eit tilbod i kommunen frå januar/februar 2026.
Foreldrerettleiing ved hjelp av video-opptak
Tiltak der familierettleiar filmar samspelssituasjonar mellom barn og foreldre i heimen med videokamera og gjev rettleiing ut frå dette. Tilbodet krev vedtak frå barnevernstesta.