Barnevernstenesta i GloppenBarneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.Kven kan få tenester frå barnevernet?Barneverntenesta skal hjelpe barn og unge som er i ein vanskelig livssituasjon i alderen 0-18 år og deira familier som bur og oppheld seg i kommunen. Dersom den unge samtykker, kan tiltak som er iverksett før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast av andre tiltak inntil fylte 25 år.BekymringsmeldingGå til informasjon om innsending av melding til barnevernet.Undersøking Ei undersøking etter barnevernlova kan føre til at saka vert avslutta utan tiltak, at det vert sett i verk hjelpetiltak eller at det vert fremja sak for fylkesnemnda om tvangstiltak. Dersom barnevernstenesta fremjar sak for fylkesnemnda, vil partane i saka ha krav på fri rettshjelp. Hjelpetiltak Barneverntenesta vurderar kva tiltak som er aktuelt å tilby familiar. Barneverntenesta er pliktig å fylgje opp og evaluere alle tiltak. Alle saker skal ha ein tiltaksplan.Sjå retningslinjer om hjelpetiltak - Hjelpetiltak, sjå, informasjon frå Bufdir - Fylkesnemndene SøknadDet er ikkje krav til skriftleg søknad. Ta kontakt på telefon eller e-post. Familiar eller barn/unge kan sjølv søke om tiltak. Kontaktinformasjon finn du nederst i artikkelenFosterheim Sjå informasjon frå fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane Barnevernsvakt Akuttberedskap etter kontortidKontaktinformasjon Slik kjem du i kontakt med oss Publisert 05.01.2023 13.08