Gloppenmodellen er ein fagutdanningsmodell som har vore nytta i region Nordfjord sia 2013. Det starta med ei helsefagklasse i Gloppen, og har seinare vorte utvida til fleire ulike fagretningar.
Samarbeid og kombinasjon
Gloppenmodellen er eit samarbeid mellom NAV, dei vidaregåande skulane, kommuner og bedrifter i Nordfjord. Denne opplæringsmodellen kombinerer praksis og teori. Det blir inngått avtale om praksisplass og læreplass allereie ved oppstart av utdanninga.
Kven er målgruppa?
- Minoritetsspråklege elevar
- Registrerte arbeidssøkjarar i NAV
- Andre vaksne med vaksenrett
- Ungdom som har brukt opp ungdomsretten til vidaregåande utdanning
Gå til Gloppenmodellen si nettside
Korleis søke?
Dersom du ynskjer å søkje fagopplæring etter Gloppenmodellen gjer du det via nettside for vidaregåande opplæring - www.vigo.no.
Treng du rettleiing vil rettleiingstenesta kunne gje deg god hjelp.
Publisert 16.03.2023 09.48