I følgje Opplæringslova § 2-4 kan kommunen la eit barn starte på skulen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søker om det eller samtykker til det, og det etter ei sakkyndig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør starte på skulen det året barnet fyller seks år.
Kommunen kan la eit barn starte på skulen året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykker til det, og ei sakkyndig vurdering viser at det er forsvarleg.
Utsett skulestart
Alle vurderingar om utsett skulestart skal bygge på oppdatert informasjon som dokumenterer barnet sitt behov og nivå.
Dersom barnet går i barnehage, skal vurderinga skildre barnehagetilbodet ved utsett skulestart, samanlikna med eit tilpassa opplæringstilbod i skulen. Moment som gruppestorleik, aldersfordeling i gruppa, opphaldstid og organisering av tilboda skal skildrast. Det er relevant å vurdere om ein ved å utsetje skulestarten kan unngå at barnet treng individuelt tilpassa opplæring.
Når det gjeld skulen, må ein vurdere rammene for å gje tilpassa opplæring innanfor det ordinære opplæringstilbodet Når det gjeld barnet sjølv, vurderer ein nivå på modning, språkleg og kognitivt nivå, om barnet tilpassar seg sosialt på ein god måte, og eventuelt andre særlege forhold som har innverknad på barnet si utvikling. Vurderinga må sjåast på i eit langsiktig perspektiv, også med tanke på vennskap og aldersrelaterte aktivitetar seinare i oppveksten. Eit viktig spørsmål i vurderinga er om barnet har meir nytte av å vere heime/gå eitt år til i barnehagen enn å starte saman med jamaldra barn på skulen.
Tidleg skulestart
Dersom føresette ynskjer det, eller samtykker til det, kan kommunen la eit barn begynne på skulen det året det fyller 5 år. Vilkåra at det er gjort ei sakkunnig vurdering frå PPT, og at barnet er fødd før 1. april. Vurderinga sjåast på i eit langt perspektiv, også med tanke på vennskap og aldersrelaterte aktivitetar seinare i oppveksten.
Kven gjer kva?
- Føresette som ynskjer utsett eller tidleg skulestart for sitt barn bør rådføre seg med barnehagen før dei søkjer. Søknad blir sendt kommunalsjef for oppvekstsektoren.
Bruk kommunen sitt søknadsskjema for dette. Ein kan søkje i perioden 1. oktober til 31. desember året før ordinær skulestart. - Kommunalsjef oppvekst sender kopi av søknaden til PPT og bed om sakkunnig vurdering.
- PPT tek kontakt barnehagen og bed om pedagogisk rapport. Rapporten skal gje informasjon om kognitiv, språkleg, sosial, emosjonell og motorisk utvikling. PPT har også ein samtale med foreldra. Det blir utarbeidd sakkunnig vurdering med tilråding om å innvilge eller avslå søknaden.
- Kommunalsjef oppvekst gjer enkeltvedtak i saka
Barnehageplass ved utsett skulestart
For å vere sikker på å ha plass fra 1. august det året barnet fyller seks år, må saka vere avklara innan søknadsfristen for hovudopptak barnehage som er 1. mars.
Rett til å klage
Foreldre/føresette kan klage innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen sendast til Gloppen kommune v/kommunalsjef oppvekst. Vidare klageinstans er Statsforvaltaren i Vestland.