SFO er eit frivillig fritidstilbod på skulen for barn i 1.-4. klasse. SFO føl skuleåret, med oppstart i august. For barn med særskilte behov gjeld tilbodet om SFO frå 1.-7. klasse.
Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.
Kontaktinformasjon
Sandane SFO: 90 71 81 94
Opningstidene ved SFO
Kvardagar
Ope mellom 07.15-16.15
Feriar
Vi gir tilbod om SFO i feriar, men må då ha minst 7 påmelde for å kunne ha ope. Påmelding er bindande
Påmelding /søk om plass
Frist for påmelding er 1. april. Informasjon om påmelding kjem frå skulen når fristen nærmar seg
Pris
Kva kostar SFO - finn prisar her