Sandane skule er ein fulldelt barneskule.
Sandane skule har ei god plassering nær symjehall, idrettshall, bibliotek, kultursal, kulturskule og Nordfjord Folkemuseum. Det er kort veg til m.a. kunstgrasbane, klatrepark og friområdet i Åsen med lysløype og islagd bane vinterstid. Turen til Trivselsskogen og TIN-camp er ikkje lang og eit område skulen nyttar ofte.
Satsing
Overordna satsingsområde for skulane i Gloppen
- Grunnleggande dugleikar: lesing, skriving, munnleg bruk av språket , rekning, digital kompetanse
For Sandane skule
- Sosial kompetanse
- Kulturelle aktivitetar
- Fysisk aktivitet
Fokusområde skuleåret 24-25
- DKOMP – klasseleiing
- Språkarbeid i begynneropplæringa