SFO er eit frivillig fritidstilbod på skulen for barn i 1.-4. klasse, SFO føl skuleåret, med oppstart i august. For barn med særskilte behov gjeld tilbodet om SFO frå 1.-7. klasse.
Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.
Ved Nordstranda skule har vi ca 30 barn som nyttar seg av tilbodet.
Kontaktinformasjon
Nordstranda SFO: 99155797
Opningstidene ved SFO
Kvardagar
Ope mellom 07.30-16.15
Feriar
Vi gir tilbod om SFO i feriar, men då med påmelding til Sandane skule sin SFO.
Påmelding /søk om plass
Frist for påmelding er 1. april
Informasjon om påmelding kjem frå skulen når fristen nærmar seg
Pris
Kva kostar SFO - finn prisar her
Publisert 08.11.2024 13.13