Om Nordstranda skule

Barneskule 1.-7. klasse

Tal elevar: 92

Tal tilsette: 21

15 lærarar, 4 miljøarbeidarar, rektor og inspektør

Vi er ein PALS-skule. Det betyr at vi har fokus på positiv åtferd og støttande læringsmiljø. Respekt, ansvar og omsorg er sentrale omgrep i dette arbeidet. Vi har eit flott og variert uteområde, fadderordning, og mange fellesaktivitetar på tvers av klasser. 

Vi har også veldig stolte av førestillinga Putti Plutti Pott annankvart annankvart år før jul, og sommarfest i mai/juni der heile skulen er med.

Satsing

Vi ynskjer at elevane våre skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Vi jobbar med å utvikle eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, slik at skulekvardagen skal vere best mogeleg for elevane også. Vi har hatt fokus på korleis vi som vaksne kan vere gode rollemodellar, og utvikle praksisen vår. 

Den grunnleggande lese- og skriveopplæringa er stadig i utvikling, og alle lærarar på småskulen har fått kurs i temaet . Eit av fokusa er verdien av å kunne skrive seg til lesing. På bakgrunn av dette er det laga ein eigen leseplan for 1.-2.kl. i kommunen. Det vert laga leseplan for dei andre trinna etterkvart.

Vi ser mykje læring i frileik, og vi har fokus på å knyte dette opp mot den daglege undervisninga, samt at vi har uteskule for dei yngre elevane.