Vi er ein PALS-skule. Det betyr at vi har fokus på positiv åtferd og støttande læringsmiljø. Respekt, ansvar og omsorg er sentrale omgrep i dette arbeidet. Vi har eit flott og variert uteområde, fadderordning, og mange fellesaktivitetar på tvers av klasser.
Vi har også veldig stolte av den årleg tradisjonen med førestillinga Putti Plutti Pott før jul, og sommarfest i mai/juni der heile skulen er med.
Satsing
Vi ynskjer at elevane våre skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Vi har vore med i eit samarbeid med HVL i eit Dekomp-prosjekt der vi har hatt fokus på korleis vi som vaksne kan vere gode rollemodellar, og utvikle praksisen vår. Vi jobbar med å utvikle eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, slik at skulekvardagen skal vere best mogeleg for elevane også.
Den grunnleggande lese- og skriveopplæringa er stadig i utvikling, og alle lærarar på småskulen har fått kurs i temaet . Eit av fokusa er verdien av å kunne skrive seg til lesing. På bakgrunn av dette blir det laga ein eigen leseplan for grunnskulen i kommunen.
Vi ser mykje læring i frileik, og vi har fokus på å knyte dette opp mot den daglege undervisninga, samt at vi har uteskule for dei yngre elevane.