Hyen skule er ein barne- og ungdomsskule plassert midt i bygda. Skulen er eit naturleg møtepunkt også i fritida.
Hausten 2025 flytta vi inn i eit heilt nytt bygg i to etasjar. Den er delt inn i 4 avdelingar med småskuletrinn, mellomtrinn, ungdomsskuletrinn og læraravdeling. Kvart trinn har to klasserom og fleksible løysingar for små og store grupper. Det er spesialrom for naturfag og sløyd i tillegg til skulekjøkken. Vi har og eit stort uteområde med leikeplass og naturområde. Skulen har ei kunstgrasbane til bruk i friminutt og i tillegg gymsal og basseng i eige idrettsbygg.
Vi er ein fådelt skule med fokus på fellesaktivitetar på tvers av klassar og alder. Vi har fokus på å sjå den enkelte og er tett på elevane i kvardagen.
Satsing
Den grunnleggande lese- og skriveopplæringa er stadig i utvikling og alle lærarar på småskulen får derfor kursing i temaet. Biblioteket vårt er styrka og vi har gode alternative læringsareal rundt i bygget.
Vi ser mykje læring i frileik, og kvar skuledag har vi leik for dei yngste. I tillegg har vi uteskule for 1.-4.klasse der vi nyttar nærområda. Barnehagen ligg rett ved skulen og vi har mange kontaktpunkt i løpet av skuleåret. Ungdomsskulen har sitt eiga område i andre etasje og har og sitt eige uteareal i tillegg til det heile skulen har til saman.