Om Gloppen ungdomsskule

Ungdomsskule 8.-10. klasse

Tal elevar: 201

Tal tilsette: 40

29 lærarar, 7 miljøarbeidarar, konsulent, inspektør og rektor

Elevane våre kjem frå elevar frå Breim, Nordstranda og Sandane skule. Dei er blanda i tre klassar på kvart trinn. Ved Gloppen ungdomsskule skal elevane kjenne seg trygge og inkluderte og oppleve meistring i eit mangfaldig læringsmiljø. 

Satsing

Skulen sin utviklingsplan er under arbeid. Her er fokus bl.a.: 

  • Sosiale dugleikar: inkludering, toleranse, respekt, omsorg, indre drivkraft og handlekraft 
  • Faglege dugleikar: tilpassa opplæring, lesing i alle fag, digitale og praktiske dugleikar, eleven si realitetsorientering, fagkunnskap og kritisk tenking.
     

Vi har stor nytte av samarbeid med ulike lokale bedrifter, organisasjonar, og vidaregåande skule i arbeidet med å gjere skulen meir praktisk: Tema med aktivitet og foredrag, hospitering, utplassering. På kommunegarden Karnils får elevane praktisere eldre jordbruksskikkar, og dyrking av grønnsaker bl.a. 
 

Nye læreplanar, nye læringsarenaer og digitalisering av samfunnet har naturleg nok teke mykje plass dei siste åra. Ein skule i endring verkar også inn på organiseringa vår. Vi er no midt i eit organisasjonsarbeid ved skulen, som vi også skal samarbeide med Høgskulen Vestlandet om.