Vi er ein PALS-skule. Det betyr at vi har fokus på positiv adferd og støttande læringsmiljø. Respekt, ansvar og omsorg er sentrale omgrep i dette arbeidet. Vi har eigen skulehage, flott uteområde, fadderordning, eige symjebasseng og mange fellesaktivitetar på tvers av klasser.
Satsing
Vi ønskjer at elevane våre skal vere gode lesarar, sjå verdien av å lese og finne glede i lesing. Målet vårt er at Breim skule skal vere ein lesande skule. Aktiv bruk av skulebiblioteket, tid til lesing, varierte leseopplegg, høglesing og varierte lesemiljø er noko av det vi jobbar med.
Den grunnleggande lese- og skriveopplæringa er stadig i utvikling, alle lærarar på småskulen har derfor fått kursing i temaet. Vi er testar ut ny plan for lese- og skriveopplæringa for 1. og 2. klasse, eit av fokusa er verdien av å kunne skrive seg til lesing.
Vi ser mykje læring i frileik, og vi har fokus på å knyte dette opp mot den daglege undervisninga. I tillegg er vi opptekne av å bygge fellesskap på tvers av klasser, vi har derfor mange fellesaktivitetar for heile skulen.