Om Breim skule

Barneskule 1.-7. klasse

Tal elevar: 94

Tal tilsette: 20
13 lærarar, 5 miljøarbeidarar, rektor, inspektør

Vi er ein PALS-skule. Det betyr at vi har fokus på positiv adferd og støttande læringsmiljø. Respekt, ansvar og omsorg er sentrale omgrep i dette arbeidet. Vi har eigen skulehage, flott uteområde, fadderordning, eige symjebasseng og mange fellesaktivitetar på tvers av klasser. 

Satsing

Vi ønskjer at elevane våre skal vere gode lesarar, sjå verdien av å lese og finne glede i lesing. I samarbeid med HVL har vi vore med i eit Dekomp-prosjekt med fokus på lesemotivasjon.  Prosjektet er no over og vi tek med oss det vi har lært, med mål om å vere ein lesande skule. Aktiv bruk av skulebiblioteket, tid til lesing, varierte leseopplegg, høglesing og varierte lesemiljø er noko av det vi jobbar med.
Den grunnleggande lese- og skriveopplæringa er stadig i utvikling, alle lærarar på småskulen har derfor fått kursing i temaet. Ny plan for lese- og skriveopplæringa for 1. og 2. klasse, blir teke i bruk dette skuleåret. Eit av fokusa er verdien av å kunne skrive seg til lesing. 

Vi ser mykje læring i frileik, og vi har fokus på å knyte dette opp mot den daglege undervisninga.