Kva kan du skrive i meldingstenesta? Informasjon om sensitive opplysingar

Føresette må vere merksame på kva for type sensitiv informasjon dei sender gjennom føresettportalen i Vigilo, anten som del av ei melding eller som vedlegg.

Eksempel på sensitiv informasjon som ikkje skal sendast i meldingssystemet, er opplysingar om alvorleg eller kronisk sjukdom eller vanskelege forhold på skulen som involverer andre namngjevne elevar og tilsette.

Alvorlege forhold på skulen som sterk mistrivsel, krenking og mobbing, medelevar sitt namn, individuelle opplæringsplanar og enkeltvedtak skal meldast direkte til skulen.

I meldingssystemet kan du melde inn forbigåande helseopplysingar som til dømes «Line blir heime frå skulen grunna omgangssjuke», «Per skada foten på trening i går kveld» og «Svein synes det er vanskeleg på skulen for tida» Vær merksam på at andre tilsette på skulen enn barnet sin kontaktlærar også kan lese meldingane som kjem inn. Du må aktivt velje den andre føresette som mottakar for at denne skal sjå meldinga. 

Meldingssystemet er ikkje meint som erstatning for det fysiske møtet mellom føresette og skulen.  Det er framleis høve til å ringe eller be om eit eige møte med den enkelte skule eller barnehage.

Føresette kan også sende fysiske brev til skulen eller barnehagen. Følgjande adresse til felles postmottak skal då brukast:
{Namn på skule/barnehage}
Grandavegen 9
6823 Sandane 

Ytterligare informasjon om personvern i samband med bruk av Vigilo kan du lese om i eit eige avsnitt under om personvern.