Korleis ta i bruk føresettportalen (Vigilo)

Den enkelte barnehage og skule vil informere deg som føresett om når du kan ta i bruk løysinga.

Føresettportalen er tilgjengeleg både som app og i nettlesar.

Applikasjon for mobiltelefon 

Appen Vigilo er utvikla både for iOS og Android. Du kan laste den ned via Apple Store eller Google Play.

Første gang du loggar deg på appen må du velje Gloppen kommune og deretter logge på med ID-porten for ei trygg og sikker pålogging. Du vil då bli beden om å opprette ein firesifra PIN-kode for enkel pålogging i appen neste gang du skal ta den i bruk. Dersom mobiltelefonen din eller nettbrettet tilrettelegg for bruk av fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning kan du aktivere dette og dermed erstatte PIN-koden. 

Merk at du må logge inn med ID-porten første gang du brukar ei ny eining, og dersom det er 15 dagar sidan sist du var inne i appen. Utover dette loggar du dagleg inn ved bruk av din firesifra PIN-kode, fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning.

Brukarrettleiing for korleis ta i bruk appen  finn du på Vigilo sine nettsider. 

Når du loggar inn via appen kjem du direkte til føresettportalen på mobile einingar. Der kan du sende meldingar til lærar og andre tilsette som er knytt barnet ditt. Kontaktlærar blir alltid valt automatisk, medan du må velje andre tilsette og medføresette frå ei mottakarliste som er tilpassa tilgangen din. Merk at meldingane ikkje skal innehalde sensitiv informasjon. Sjå eige avsnitt under om handtering av sensitive opplysingar. 

Fråværsmeldingar blir automatisk sendt til kontaktlærar. Det er mulig å legge til både kommentar og vedlegg. Både kontaktlærar og skuleleiinga kan lese fråværsmeldingar. Merk igjen at meldingane ikkje skal innehalde sensitiv informasjon. 

Under innstillingar kan du velje kva for varslar du ønskjer å tillate, sjå informasjon om appen og personvern, velje språk og gå direkte til brukarstøtte. Her kan du også laste opp ditt eige profilbilde. 

Brukarrettleiing for bruk av meldingar, bruk av fråværsmeldingar, korleis endre innstillingar er tilgjengeleg på Vigilo sine nettsider. 

Nettlesar

Dersom du ikkje ønskjer å bruke appen, er føresettportalen også tilgjengeleg for pålogging i nettlesar via pc eller nettbrett. Funksjonane i løysinga er dei same i nettlesar som i app. 

Følg denne lenka for direkte innlogging via ID-porten til føresettportalen.