Heim og barnehage

Kommunikasjonsløysninga Vigilo  er nytta til dialog mellom kommunale barnehagar og føresette til barn i barnehagen.

Private barnehagar kan ha andre løysingar for kommunikasjon. Vi tilrår deg å kontakte barnehagen din for meir informasjon. 

Kva inneber bruk av Vigilo i barnehagar?

Vigilo Foresatt­portal gir høve til digital kommunikasjon mellom føresette og tilsette og har følgjande tilgjengelege funksjonar:

  • Nyheiter
    Under nyheiter kan du sjå publiserte innlegg, bilde og rutinar frå barnehagen din. Her kan du også registrere helseinformasjon (som du seinare kan oppdatere inne i nettportalen). 
  • Meldingsteneste 
    Du kan både sende og gje nødvendig informasjon om barnet ditt til barnehage via meldingstenesta. I meldingar som du sender til barnehagen kan du legge ved eventuelle vedlegg. Meldingar du sender til barnehagen har alle dei tilsette innsyn i. Unngå derfor å sende sensitiv informasjon. Eksempel på sensitiv informasjon er opplysingar om helse, problematiske tilhøve i barnehagen, andre barn sitt namn, individuelle tilpassingar og enkeltvedtak.  
  • Fråværsmelding 
    Du kan sende fråværsmeldingar til barnehagen når barnet ditt har fri eller er sjuk, slik at dei tilsette får rask informasjon om dette. Det vil samtidig og automatisk bli registrert fråvær på barnet i barnehagen si oversikt. 
  • Innstillingar
    Under innstillingar kan du velje kva for varslar du ønskjer å tillate, du kan velje språk og laste opp ditt eige profilbilde. Du kan også sjå informasjon om appen og personvern og gå direkte til brukarstøtte.