Behandling av personopplysningar

Gloppen kommune har som mål at informasjonssikkerheit og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  

Les meir om korleis kommunen handterer personopplysingar  - gå til Personvererklæringar. 

Personvern i Vigilo 

Gloppen kommune hentar personopplysingar frå Det Norske Folkeregisteret. Det vil inkludere opplysingar om namnet ditt, e-postadresse, kontaktinformasjon, språk, familieforhold og dine bruksdata. Opplysingar om barn og føresette blir lagra så lenge barnet er innskrive i barnehagen eller skulen, og deretter i inntil eitt år. 

Personopplysingar om barn er særlig beskytta. Føresette godkjenner på vegne av barnet, og barnet kan samtykke sjølv frå den dagen dei fyller 15 år.

Meir generelt om personopplysingar finn du på www.datatilsynet.no