Kva meinar vi med bekymringsfullt skulefråvær?
Skulefråvær blir bekymringsfullt når det påverkar eleven si deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet. Utdanningsdirektoratet peikar på at fråværet er problematisk dersom eleven
- Har vore vekke 25 % av skuletida dei siste to vekene
- Har store vanskar med å møte opp i minst to veker
- Har meir enn 10 dagar (15 %) fråvær i løpet av ein 15-vekersperiode.
Dette gjeld uansett årsak til fråværet.
Det er viktig at både føresette og skule reagerer når det oppstår uro knytt til eleven si deltaking på skulen. Forskning syner til at til tidlegare ein tek tak i bekymringa, til lettare er det å hjelpe eleven.
Dersom bekymringsfullt skulefråvær oppstår
Kommunen har ein rettleiar om bekymringsfullt skulefråvær (PDF, 229 kB).
Arbeid med bekymringsfullt fråvær er krevjande og komplekst, og ingen kan løyse det åleine. Elev, føresette, skule, PPT, helse og eventuelt andre hjelpetenester må stå saman som eit lag. For å lykkast med dette arbeidet er det viktig at ein kjem i gang tidleg. Ei felles forståing og tidleg, koordinert innsats gjer det mogleg å finne gode løysingar og støtte eleven tilbake til ein meir regulert og trygg skulekvardag.
Kvifor kan fråvær oppstå ?
Fråvær har sjeldan ei enkel årsak. Ofte verkar fleire forhold saman.
Individuelle forhold
Kan vere lærevanskar, angst, stress, somatisk sjukdom, låg sosial kompetanse eller utfordringar knytt til nevrodiversitet.
Forhold knytt til skule
Kan vere utrygt læringsmiljø, manglande tilpassing, hyppige lærarbyte, lite struktur eller få/utrygge relasjonar til medlevar og vaksne.
Forhold i heimen
Kan vere endringar i familiesituasjonen, helseutfordringar, lite nettverk, utfordringar med grensesetting eller manglande oppfølging av skulearbeid.
Tidlege teikn på fråvær
- Diffuse somatiske plager som vondt i magen, hovudverk, kvalme eller humørsvingingar
- Endring i åtferd
- Vegring for å gå på skulen om morgonen
Førebyggande arbeid
Skulen kan bidra med:
- Arbeide for eit trygt og inkluderande miljø
- Følge med på tidlege teikn
- Tilpasse opplæringa
- Skape trygge relasjonar mellom elevar og vaksne
- Samarbeide med føresette
Føresette kan bidra med:
- Snakke positivt om skulen og vise interesse for skulearbeidet
- Skape gode rutinar heime
- Samarbeide med skulen
- Følge med på tidlege teikn
- Bygge tryggleik og meistring
- Vere bevisst på skjermbruk
Gloppenskulen ynskjer at
Alle elevar skal kjenne seg trygge, oppleve meistring og vere ein del av fellesskapet. Når elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle og framgang, blir det lettare å møte på skulen, også når kvardagen er krevjande.
Vi lukkast best når heim og skule jobbar saman – tidleg, tett og med felles forståing.