Om barnehagen

Mona barnehage har 6 avdelingar fordelt på 2 hus. Austsida med 2 avdelingar og Vestsida med 4 avdelingar.

Totalt har vi 84 plassar.

Austsida

  • Furutoppen ( 3- 5 år)
  • Bjørkekvisten (3- 5 År)

Vestsida

  • Lønnebladet ( 3- 4 år)
  • Rognebæret ( 1-3 år)
  • Seljeknoppen ( 1- 3 år)
  • Eikenøtta (1-3 år)
AustsidaVestsida

Tal tilsette:  ca 27. Tal tilsette kan variere litt frå år til år grunna eventuelle styrkingsressursar/ spesialpedagogisk hjelp.

Grunnbemanninga er 3.1 årsverk pr. avdeling. Administrasjonsressursen er 1,4 årsverk, fordelt på einingsleiar og assisterande einingsleiar. 
I tillegg har vi spesialpedagog som har ansvar for system og oppfølging kring barn med særskilde behov og dei fleirspråklege barna.
 

Satsingsområder

Friskliv

Med friskliv som satsing ynskjer vi å setje fokus på fysisk aktivitet, helse og naturopplevingar. Vi vil bidra til å gje barna gode haldningar til eit friskt liv.

Språk 

Språket er vårt viktigaste reiskap for å gjere oss forstått, danne relasjonar, tileigne oss kunnskap og mykje meir. Språk er eit av barnehagen sine satsingsområder, og vi vil bidra til å ruste barna godt språkleg. 

Vennskap og samhald

Å få delta i leik og vere ein del av fellesskapet er viktig for barna sin trivsel. Barnehagen legg til rette for at barna får tid og rom til å utvikle relasjonar og oppleve at dei er ein viktig del av fellesskapen. Den frie leiken er ein god arena for å oppleve vennskap, relasjonar og fellesskap.