Siste året før skulestart, vert alle dei eldste samla på Austsida, og fordelt på avdelingane Bjørkekvisten og Furutoppen.
Førskulegjengen utgjer mellom 15- 20 barn som har eit felles opplegg gjennom året.
Vi har dette siste året ekstra fokus på å verte klar for skulen. Vi ynskjer å ruste barna for skulen gjennom å styrke dei i leiken, sjølvhevding, kommunikasjon og sosial kompetanse.
Tarkus er eit pedagogisk verkty (utgitt av Trygg trafikk) for å lære barna enkle trafikkreglar for fotgjengarar, sikring i bil, sykkelhjelm, refleks med meir. Vi snakkar og om trafikksikkerheit når vi er på tur
Vi bruker Trampoline boka, som er eit aktivitetshefte laga for 5-åringane i barnehagen og er revidert etter ny rammeplan for barnehage (R-17). I aktivitetsheftet møte borna elefanten Trampoline i ulike situasjonar, og det leggast vekt på leik og læring, undring og refleksjon, språkstimulering og begrepsforståelse. Heftet er inndelt i temaene Meg og deg, Mønster, Former, Måling, Tall, Plassering, Sortering, Stavelser, Rim, Symboler og Bokstavar. Vi set meistringsfølelsen høgt når borna jobbar i aktivitetshefte.
I Mona barnehage markerar vi siste tida i barnehagen med å vere Rosaruss. Då får borna låne Russehue som barnehagen eig, vi lagar russekort og gjennomførar enkle russeknutar :)
Overgang barnehage- skule
Gloppen kommune har utarbeidd ein plan for eksterne overgangar, der det er fastsett ulike tiltak for å sikre ein raud tråd i utdanningsløpet til barn og unge. Tiltaka går mellom anna ut på at kontaktlærar kjem på besøk i barnehagen, at førskuleborna besøkjer skulen sin, ein har førskuledagar der borna møter fadderen sin og kommande klassekamerater. Personalet i barnehagen og skulen møtast og for ei overføringssamtale der viktig informasjon om bornet er tema (foreldre gjev løyve til dette i forkant).