Om Hyen barnehage

Hyen barnehage ligg 30 minutt frå kommunesenteret Sandane. Barnehagen ligg sentralt på Straumsholmen i Hyen med kort veg til idrettsbygg, fotballbane og fine naturområder. Barnehagen er organisert som eit oppveksttun saman med Hyen skule. Dette inneber at vi har eit tett samarbeid med skulen og har ein større tilgang til aktivitetar og fasilitetar enn det vi finn i barnehagen sine lokaler. 

Barnehagen har to avdelingar: 
Ekornstubben (småbarnsavdeling)
Hareskogen (storbarnsavdeling)

Barnehagen er godkjend for 18 store barn (3-6 år) og 9 små barn (1-2 år).  
 

Satsingsområder

Trygt og godt barnehagemiljø 

Gloppen kommune har ein handlingsplan for trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Planen dannar eit felles grunnlag for korleis barnehagar og skular skal jobbe med å førebygge og handtere mobbing og krenkingar. I følgje denne handlingsplanen skal barnehagen:  

Følgje med på korleis alle barna har det.  

Gripe inn dersom eit barn vert utsett for krenkingar.  

Varsle næraste leiar når ein får informasjon eller mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt.  

Undersøke saka nærare gjennom observasjonar og samtalar.  

Setje inn tiltak basert på ei konkret og fagleg vurdering.  

Dokumentere alt frå første varsel til ferdig handlingsplan.  

Barnehagen har også ansvar for å jobbe førebyggande med god leiing av barnegrupper, grensesetting, legge til rette for at barna opplev meistring og fremje trivsel og positive omgangsformer mellom barna. Tilsette skal vere gode føredøme for barna i korleis vi kan vere gode med kvarandre. Barnehagen har eit eige innsatsteam mot mobbing som skal halde fokus på det systematiske og førebyggande arbeidet og støtte styrar/rektor i arbeidet i konkrete saker med undersøkingar og tiltak. 

 

De kan lese meir om barnehagen sine verdiar, arbeidsmetodar og satsingsområde i barnehagen sin årsplan. 

Årsplan for Hyen barnehage (PDF, 2 MB)