Breim barnehage ligg 15 minutt frå kommunesenteret Sandane. Barnehagen ligg sentralt på Reed. Den har tilgang til både gymsal, fotballbane og fine turmål i gåavstand frå barnehagen. Refjæra og skogen er mykje brukt på turdagar. Barnehagen har god samhandling med både Norsk Countrytreff og Breimsbygda idrettslag. Barnas Countrytreff vert kvar juli arrangert i Breim barnehage.
Satsingsområde
Inkluderande barnehagemiljø har stort fokus i barnehagen. Alle barn skal ha det trygt og godt i sitt barnehagemiljø. Vennskap og felleskap er dei viktigaste skapa i barnehagen.
Det vert jobba systematisk med tidleg innsats. Her jobbar ein etter BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats). Barnehage er eit supplement til heimen. Det å ha eit godt samarbeid barnehage-heim er grunnleggande viktig i oppfølging av barn. Fokus i barnehagen er at samarbeidet skal vere prega av gjensidig tillit og respekt, der ein snakkar med kvarandre på eit tidleg tidspunkt dersom uro oppstår. Fokus er at barn skal oppøve den robustheten dei vil trenge seinare i livet.
Livsmeistring handlar blant anna om det å tole motstand, samt oppøve ferdighet i å møte det utan at verda fell i grus. Ei viktig støtte for barnet er her den autoritative vaksenrolla, som er hjertevarm men også tydeleg. Barnehagen jobbar etter prinsippa i Circle of security. Balanse mellom støtte og utfordring, for at barna skal kunne meistre og utvikle seg ut frå sine forutsetningar. Omsorg, leik og læring er viktige stikkord. Barnehagebarn lærer ved å bruke sansane sine, samt gjennom leik. Det handlar om learning by doing, and reflektion. Fokus blir læringsprosessar som skjer i direkte samspel med andre.
Det å skape språkstimulerande miljø er eit anna viktig satsingsområde. Barnehagen jobbar med Dialogisk lesing, nyttar alternativ supplerande kommunikasjon ved behov, og har system for oppfølging av minoritetspråklege barn. For nyutdanna barnehagelærarar har barnehagen mentorordning dei to første åra i jobb. For andre tilsette har ein system for opplæring og rettleiing det første arbeidsåret, og deretter ved behov. Barnehagen tek imot studentar frå HVL, samt elevar som tek Barne- og ungdomsfag. I periodar har det også vore språkpraksiskandidatar i barnehagen.
Barnehagen fekk Arbeidsmiljøprisen i 2014, og scorar høgt på trivsel og arbeidsmiljø på seinare medarbeidarundersøkingar. Fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø er kontinuerlig satsingsområde i barnehagen.