Inkluderande barnehagemiljø (BIM)

Alle barn i barnehagen skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Det er viktig at både tilsette og foreldre seier frå, dersom dei har uro for at barn ikkje har det trygt og godt i sitt barnehagemiljø. Det skal i barnehagen vere nulltoleranse mot krenking. Dette er heimla i Lov om barnehagar § 41-43. Det er likevel ikkje slik at alle kritiske utsagn eller usemje, vert definert som krenking. Barn skal og lære å tenkje kritisk og respektere andre si meining og overbevisning.  Tilsette i barnehagen har plikt til å følge med, gripe inn, varsle, undersøke og deretter sette inn tiltak/dokumentere.

Små barn kan krenke. Barn er små og treng rettleiing og støtte frå vaksne, for å kome ut av uheldige samspelsmønster. Stoppsamtalen er eit verktøy vaksne kan bruke. Døme på krenking kan vere utestenging, baksnakking, blikking/kroppspråk og fysiske former for krenking som slag og spark. 

Når barn leikar mykje åleine, og kanskje foretrekk å leike åleine, skal dei vaksne reagere ved å undersøke kva som gjer dette. Barn søker vanlegvis det sosiale felleskapet. Er det noko som opplevast utrygt i miljøet? Er åleineleiken ei pause frå den sosiale leiken? Er barnet i stadiet for åleineleik/parallelleik? Eller er det andre grunnar?

Ordtaket «Det trengs ein  heil landsby for å oppdra eit barn» er velkjent. Det trengs ei heil bygd med vaksne som følger med, tek tak og inviterer barn inn i felleskapet. Dette for å sikre alle barn eit trygt og godt oppvekstmiljø. Dette er dei vaksne sitt ansvar. 

Ver ein god rollemodell!

Stopp krenkande adferd og inviter alle barn inn i felleskapet.

STOPPSAMTALE

«No såg eg at du snudde ryggen til/blikka/skubba….. Hadde du gjort det mot meg, så hadde eg ikkje likt det. Så stopp.»

Forebyggande arbeid i barnehagen
Tiltak som bidreg til trygt og godt barnehagemiljø

  • Skjerme leik i grupper dagleg. Rullere mellom barn. Jobbe med språk, relasjon og samspel. Ha fokus på barnehagevennar og ikkje bestevenn (begrepet er ekskluderande).
  • Legge til rette for god relasjon personale—foreldre. Ha relasjonelt mot til å ta opp ekskludering, utestenging, negativt språk, styrande adferd etc på eit tidleg stadiet.
  •  Ha system for observasjon, dokumentasjon, tiltak og evaluering. Gå frå følelsesspråk (føle/tru), til å beskrive kva ein faktisk observerer vert sagt og gjort.
  • Sikre medverknad: barnesamtale og foreldresamtale. Barnet si stemme skal høyrast.
  •  Systemisk arbeid der ein sikrar fagleg begrunna tiltak.


Foreldregruppa sine forebyggande tiltak:

  • Ta initiativ til å invitere dei som fell utanfor
  • Rettleie barna slik at alle får vere med
  •  Pass på kva du snakkar om framfor barn/framsnakk.
  • Oppfordre/utfordre barn på «det dei ikkje vil»
  • Legg til rette for leik som passar to som ikkje er venner
  • Lær barn kva som er greit å seie om andre
  • Inviter heim andre enn dei barna vanlegvis leikar mest med.
  • Tørr å kommunisere med andre foreldre om problem
     

Les resten av tiltaka for å inkludere alle barn i Årsplan for Breim barnehage.

Barnehagen sitt innsatsteam mot mobbing(BIM):
Teamet består av:

  • Inger-Margrethe Sørland
  • Espen Eithun Langedal
  • Britt Rønnekleiv Mølmann
  • Anette Støyva


BIM kan koblast på dersom avdelinga ikkje løyser saka sjølv. Teamet nyttar ulike observasjons– og kartleggingsmetodar, og er ute i miljøet for å undersøke/observere kva som skjer. Dersom det syner seg at barnet ikkje har det trygt og godt , skal det følgast opp med tiltak som skal evaluerast etter ei stund. 

Kommunen sitt innsatsteam mot mobbing (KIM):
Teamet består av:

  • Helsestasjon v/Kristin Kandal Ramslien
  • PPT v/Margit Devik
  • Psykisk helseteam for barn og unge v/Synnøve Grov
  • Rådgjevar oppvekst Grete Aa Sandal


Dersom BIM i samarbeid med avdeling ikkje løyser saka, kan ein søke hjelp frå KIM. Barnehagen har ansvaret for prosessen, men foresatte vert ein viktig samarbeidspart. Dersom det er mistanke om at ein tilsett krenkar eit barn, er det KIM som følger opp saka frå starten av.