SIM og BIM
Kvar barnehage og skule i Gloppen har eit eige innsatsteam mot mobbing som skal halde fokus på det systematiske og førebyggande arbeidet og støtte styrar/rektor i arbeidet i konkrete saker med undersøkingar og tiltak. Dei heiter barnehagen sitt innsatstem mot mobbing (BIM) og skulen sitt innsatsteam mot mobbing (SIM). Dei som er i teamet har ekstra kompetanse i dette arbeidet. Det består av rektor/ styrar, inspektør/ ass. styrar spes.ped ansvarleg eller sosiallærar.
SIM/BIM blir involvert når rektor og kontaktlærar ser at dei ikkje klarer å løyse saka åleine.
KIM
Gloppen kommune har i tillegg eit kommunalt innsatsteam (KIM) for eit trygt og godt oppvekstmiljø. Dette er eit team som skal hjelpe heim, barnehage og skule I saker som ikkje vert løyst på BIM /SIM- nivå. Teamet si samansetjing er tverrfagleg. Teamet består av tilsette frå psykisk helse, helsestasjon, PPT og rådgjevar oppvekst.
- Rettleie og hjelpe ped.leiar/ kontaktlærar i å løyse saker
- Hjelpe til i komplekse og alvorlege saker som handlar om eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø
- Delta på møte, observasjonar, tolking av undersøkingar
- Organisere kompetanseheving/erfaringsdeling/samling for alle i barnehage/ skule
- KIM eit kommunalt team som skal handtere komplekse og alvorlege saker som omfattar barnehage- og skulemiljø, som involverer barn og unge
- Det eksterne innsatsteamet skal vere eit sikkerheitsnett for barn, elevar og foreldre når barnehage/skule sine rutinar i arbeidet om eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø ikkje har ført fram, eller når elevar og føresette opplever at dei ikkje får den hjelpa dei har rett til på sin eigen barnehage/skule
- Det eksterne innsatsteamet skal støtte barnehage/skule i å handtere situasjonar etter at tiltak har vore prøvd ut utan å ha oppnådd ønska effekt
- Barnehage/skule er eigar av saka og skal ha ansvaret for saka til den er løyst
Mobbeombodet i Vestland
Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn i barnehage, elevar i grunnskulen og deira føresette. Omboda skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag.
Mobbeombodet skal bidra til at barn og unge i Vestland fylke får ivaretatt rettane sine til eit godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet arbeider også førebyggjande ved å delta på foreldremøte i skule og barnehage, eller ved å gi råd og støtte tilsette i arbeidet for eit trygt barnehage-og skulemiljø.
Mobbeombodet har teieplikt
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet;
på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du finn meir om mobbeombodet på Vestland fylkeskommune si side.