Trafikksikker kommune

Gloppen er regodkjent som Trafikksikker kommune for perioden 2025-2027.

Trygg Trafikk peikar i rapporten på at kommunen arbeider godt og heilskapleg med trafikksikkerheit og gir ros for det systematiske arbeidet som blir gjort for å skape trygge rammer for innbyggjarane.

Kommunen vart første gang godkjent i mai 2018, etter at alle kommunale og private barnehagar i Gloppen vart individuelt godkjent våren 2017 (Breim barnehage allereie i 2016).

Målet med å vere Trafikksikker kommune er å sette fokus på kommunen sine rutinar knytt til trafikktryggleik i dei ulike einingane.