Aldersvennlig lokalsamfunn

Utvikling av ein aldersvennleg(e) kommune og lokalsamfunn i Gloppen er ei særs viktig satsing for å kunne halde fram med å levere gode helse- og omsorgstenester i åra som kjem. 

Eit aldersvennleg Norge kan ikkje vedtakast gjennom ei nasjonal reform, det må skapast i kvart enkelt kommune og lokalsamfunn.

Det handlar om å legge til rette for at eldre skal kunne bu heime så lenge dei ønskjer, føle seg trygge i nærmiljøet sitt, vere mobile og kunne delta i aktivitetar og samfunnsliv.
For å få til dette må vi ta viktige grep som kommune og jobbe stadspesifikt ilag med dei ulike aktørane i lokalsamfunna.

Mange ting påverkar korleis det er å leve i eit lokalsamfunn. Einsemd er eit aukande problem som kan gi store helsemessige utfordringar, både for den enkelte og for samfunnet.
Dei fysiske rammene, relasjonane folk har til kvarandre, samt haldningar til inkludering påverkar den enkelte sitt høve til å meistre og delta. I et aldersvennleg samfunn er det viktig at aktivitetar og tilbod er utforma slik at alle grupper kan delta.

Deltaking for alle styrker demokrati og sosial berekraft, og bidreg på sikt til å redusere og utsette behovet for offentlege helse- og velferdstenester.