I kvar kommune skal det vere eit valstyre. med minst tre medlemmar Dette er fastsett i vallova § 4-5.
Valstyret er ansvarleg for å gjennomføre val til Stortinget, fylkestinget og kommunestyret. I tillegg er valstyret i Gloppen også ansvarlege for gjennomføring av eventuelle folkeavrøystingar.
I Gloppen er det lang tradisjon for at valstyret er sett saman av medlemer frå formannskapet. I perioden 2023-2027 er valstyret sett saman av formannskapet og gruppeleiarane frå dei partia som ikkje er representerte i formannskapet. Ordføraren er leiar i valstyret.
Sekretær for valstyret er leiar for servicetorget Siv Kvalsvik Haugen.
Valstyret i 2023-2027
Arnar Kvernevik (Ap), leiar
Jan Ove Rygg (H), nestleiar
Monica Grov (Ap)
Beate D. Nordvik (H)
Reidar Moldestad (H)
Ragne Mari R. Kandal (KrF)
Per Jarle Myklebust (Sp)
Karoline Bjerkeset (Sp)
Hege Lothe (SV)
Mariel Eikeset Koren (MDG)
Alf Erik Rygg (V)