Oppvekstplan i Gloppen

Gloppen kommune skal vedta ny oppvekstplan kring årsskifte 25/26. Planen skal gi rammer for korleis vi  kan legge til rette for ein god oppvekst i Gloppen, i samspelet mellom kommune, organisasjonar, heimane og den enkelte.  

Oppvekstplanen skal gje overordna føringar for korleis vi som kommune skal utvikle barnehagane, skulane og kommunale tenester knytt opp til Familiehuset og andre tenester som betyr noko for oppveksten. Det kan vere korleis vi tenkjer rundt organiseringa av bruk av IKT, organisering av skuleveka for dei yngste, korleis vi legg tilrette for praktisk og variert undervisning. Kva tiltak skal vi prioritere inn mot barnefamiliar, og andre tiltak knytt til fritida som døme. Oppvekstplanen tek ikkje føre seg skulebygga eller skulestrukturen, dette skal vedtas i ein eigen barnehage- og skulebruksplan hausten 2025.

“Det krevst ein heil landsby for å oppdra eit barn”

Oppvekstplanen vil altså seie noko om kva Gloppen kommune som organisasjon skal gjere, men og peike på kva vi som samfunn, innbyggarar, foreldre, barn og unge, lag og organisasjonar kan bidra med - “Det krevst ein heil landsby for å oppdra eit barn”.  Eit samfunn med gode oppvekstvilkår er eit godt samfunn for alle. Vi må ha samfunnsstrukturar som styrkjer barn, unge og familiar og gjer dei i stand til å takle livet i både medgang og motgang. Vi kan ikkje fjerna alt som er vondt og vanskeleg, men vi kan hjelpe barn og unge til å takle det. Dette kan vi kalla å byggja beskyttelse mot risikofaktorar. 

Oppvekstplanen skal skildre korleis vi som samfunn i Gloppen kan styrkje gode, beskyttande faktorar. I lokalsamfunnet møter vi kvarandre i mange roller, og i dei ulike rollene gjer vi ulik innsats for å gjera oppveksten god og trygg for barn og unge i Gloppen. I planprogrammet som det er linka til under artikkelen kan du lese meir om planarbeidet. Det er kommunestyret som skal vedta planen, men før det skal den ut på høyring, slik at alle som ønsker det kan sende inn kommentarer.

Medverkand frå foreldre

I planarbeidet ønsker vi å lære meir, og å få med foreldre i diskusjonen om korleis vi kan fremje gode oppvekstvilkår her i Gloppen. Derfor har vi invitert til to store foredrag: Maja Lunde snakka om Barn og skjermbruk i haust, og nå i vår snakka Line Warholm om "Robuste barn" og foreldrerolla. I etterkant har vi hatt temamøte med diskusjon for foreldre og andre interesserte. Innspela tar vi med i arbeidet med oppvekstplanen. 

For at alle skal kunne følge med på kva som skjer, også dei som ikkje har vore med på arrangementa, har vi samla nokre oppsummeringar og artiklar. Det er også linkar til kronikkar og anna aktuelt i media, knytt til dei to foredraga. 

Her finn du meir informasjon 

Gå til planprogram for oppvekstplanen

Lenker til

Temakveld om barn, fri leik og skjerm, oppsummering (PDF, 90 kB)

Temakveld om barn og fritid - oppsummering (PDF, 99 kB)

Boka The Anxious generation av Jonathan Haidt, og kort om boka Skjerm barna av Maja Lunde (PDF, 809 kB)

Skjermvettreglar av Maja Lunde (PDF, 278 kB)

Skjermvettreglar frå FAU i Gloppen (PDF, 228 kB)

Aktuelt i media:

Trivselskommisjonen  

Kronikk: Si hei til generasjon stuegris

Ytring: Barna våre sliter, og det er vår skyld

Artikkel: Barn som rydder hjemme blir mer robuste

Artikkel: Line Warholm om foreldre i dagens samfunn