Oppvekstplan 2026-2036 på høyring

Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring. 

Fram til 30. april er det høve til å kome med kommentarar og innspel til planen. Både organisasjonar og privatpersonar kan gi høyringssvar. (Høyringssvar er offentlege dokument.)

Oppvekstplanen handlar om korleis vi kan legge til rette for ein god oppvekst i Gloppen. Dette er eit samspel mellom kommune, heimane, det frivillege, lokalsamfunn/nabolag og den enkelte. Planen bygger også på innspel frå dei møta vi inviterte til førre skuleår, og frå barn og unge gjennom elevråd, ungdomsråd og skuleopplegg. Vi er no på oppløpssida, og kommunestyret skal behandle planen før sommarferien

Høyringsspørsmål

For å få kommentarar på heile breidda i planen, har vi laga nokre høyringsspørsmål. Du vel sjølv kva spørsmål du vil svare på.

Send inn svar på høyringsspørsmål her

Høyringsmøte

Vi inviterer til tre høyringsmøte med informasjon, høve til å stille spørsmål og samtale om innhaldet i planen. 

19. mars kl 19.00: Breim skule

24. mars kl 19.00: Sandane, Kommunestyrsalen på heradshuset

9. april kl 19.30: Hyen skule

 

Gå til Oppvekstplanen som ligg til høyring her 

Har du øvrige spørsmål?

Ta kontakt med oppvekstsjef Per Arne Strand

Epost: per.arne.strand@gloppen.kommune.no