Kulturminner i Gloppen

Kulturminneplan for Gloppen blei vedteke av kommunestyret 28. august 2019. 

Planen er eit oppslagsverk og eit verktøy for å forvalte og ta vare på dei mange kulturminna i Gloppen. 

Oversikt over kulturminne i Gloppen

Du har tilgang til planen på tre ulike måter. 

Kulturminneplanen si oppbygging

Planen er blitt eit omfattande dokument, noko som har samanheng med at kommunen er rik på kulturminne. Når ein les i planen, beskriver kapittel 1 lover, reglar, støtteordningar, forvaltning og korleis kommunen vil jobba framover med kulturminne.
Dei andre kapitla er meir som eit oppslagsverk over verdifulle kulturminne i kommunen fordelt på følgjande tema:

  1. Fornminne 
  2. Kulturmiljø 
  3. Bygningar 
  4. Teknisk kulturminne 
  5. Samferdsle 
  6. Lause kulturminne 
  7. Immaterielle kulturminne 

Til slutt i planen er der ein handlingsplan som oppsummerar viktige tiltak innan kulturminnevern.

Vidare arbeid/supplering av kulturminne 

Kulturminneplanen er starten på eit meir systematisk arbeid med kulturminne i Gloppen. Planen gir ein status no, og er ikkje komplett i forhold til kulturminne som er viktige å ta vare på. Lista over kulturminne og kulturmiljø må slik sett supplerast kontinuerlig i åra framover. 

Det er ei arbeidsgruppe som har stått bak planen med tekst og bilde. Dei som har delteke her er Anne Kristin Moe frå Nordfjord Folkemuseum, Sverre Folkestad frå sogelaget, tidlegare kultursjef Jan-Kjetil Øygard, tidlegare kommunetilsett Arne Eikenes, og kultursjef Birte Fossheim frå kommunen.

Har du innspel eller spørsmål om planen eller kulturminne – ta kontakt med kultursjef, Birte Fossheim på epost eller mobil 924 77 248.