Kommunedelplan for helse og omsorg 2018-2030

Vedteken av kommunestyret april 2018. Revidert plan med nye tiltaksdelar vart vedteken i desember 2022.

Dette er ein overordna plan, som allereie då den vart utarbeida inneheldt strategiar og tiltak for å møte utfordringane som ligg framfor oss. Vi kan ikkje lenger forvente at ressursane vert auka i takt med eit veksande behov.

Nye hovudmål frå 2022-2026

Våren 2022 starta sektoren eit omfattande arbeid med å evaluere og rullere planen sin tiltaksdel for å implementere innsatsområda frå reforma. Under arbeidet vart det tydeleg at det var behov for å gjere endringar i planen som følgje av Leve heile livet-reforma.
Strategiane frå sist vedteken plan er i den reviderte utgåva systematisert under tre hovudmål:

1. Innbyggarane tek ansvar for eige liv                                 (den einskilde sitt ansvar)
2. Sosialt berekraftig(e) kommune og lokalsamfunn            (samfunnsutvikling)
3. Gode og berekraftige helse- og velferdstenester             (tenestelevering)

Sjå heile kommunedelplanen her  (revidert av kommunestyret 13.12.2022)

Sjå tiltaksdel 2022-2026 for vaksne-eldre

Sjå tiltaksdel 2022-2026 for barn, unge og familie