Handlingsplanen peikar også på at valdsutøvar skal ha hjelp – ofte behandling, i høve si valdsåtferd. Handlingsplanen peikar på viktigheita av samhandling mellom fleire samarbeidspartar, slik at hjelpeapparatet i kommunen kan yte effektiv hjelp.
Handlingsplanen skal også vere ein reiskap både til konkret hjelp, og som informasjon til alle innbyggarar i kommune om rett til og moglegheit for hjelp. Eit av måla med handlingsplanen mot vald og overgrep i nære relasjonar er å auke medvit om tema blant tilsette. Auka medvit vil truleg føre til auka tal meldingar. Det er også eit mål å ha system for systematisk hjelp til offer av vald og vitne til vald og tilbod om behandling for utøvar av vald.
Hovudmålsetjinga er å førebygge, avdekke og hjelpe menneske som opplever vald og overgrep i nære relasjonar.
Sjå plan og handlingskort
Opne handlingsplanen
Handlingskort - Barn
Handlingskort - Vaksne
Vedteke av helse- og omsorgsutvalet, 9. april 2025, sak 19/25