Planstrategi

Planstrategi er eit styringsdokument som prioriterer kva for planar kommunen skal utarbeide og behandle i gjeldande kommunestyreperiode. 

Sjå gjeldande planstrategi for 2020-2024 (PDF, 4 MB)

Kva er planstrategi?

Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit hjelpemiddel for kommunen til å fastleggje vidare planarbeid. Kommunen har plikt til å utarbeide kommunal planstrategi minst ein gong kvar valperiode og vedta den seinast eit år etter kommunestyrets konstituering.

Målet med den kommunale planstrategien er å setje fokus på dei planoppgåvene kommunen bør starte opp eller vidareføre for å leggje til rette for ei positiv utvikling i kommunen. Ved behandlinga skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller om planen skal videreførast utan endringar.

Vil du vite meir?

Sjå saka der planen er behandla  - saksgang (19/981)

Sjå oversikt over planarbeidet i perioden 2020-2024

Sjå midtvegsstatus for plan og utviklingsarbeid (kommunestyresak april 2022)