Retningslinjene blir forvalta av tenesteleiar kommunalteknikk.
Kap I Administrasjon
§ 1-1 Føremål
Denne norma inneheld dei krav Gloppen kommune stiller til veg, og skal sikre ein minimumsstandard når kommunen skal overta vegen for framtidig eigarskap, drift og vedlikehald.
§ 1-2 Verkeområde
Norma gjeld for veg som kommunen skal overta. Ved utbyggingsavtalar blir norma lagt til grunn for kravspesifikasjon.
§ 1-3 Unntak
Ved spesielle høve kan Samfunnsutvalet gjere unntak frå norma. Alternative løysingar må dokumenterast som forsvarlege, og det kan bli kravd garanti for funksjonalitet.
§ 1-4 Vilkår for kommunal overtaking
Dersom kommunen skal overta vegen, må følgjande vere oppfylt:
- Veg må vere bygd i samsvar med denne norma
- All planlegging og utføring av vegen skal utførast av føretak, godkjent etter gjeldande reglar gjevne i, - eller i medhald av, plan- og bygningslova.
- Alt av vegareal (køyreveg, anna veggrunn (sideareal/grøft), fortau og gangveg, parkeringsplassar) skal vere på eit eige samanhengande bruksnummer.
- Det må gjerast særskilt vedtak i Samfunnsutvalet om overtaking.
Kap II Planmateriale/dokumentasjon
§ 2-1 Generelt
Rådgjevar/konsulent skal ha sentral eller lokal godkjenning for PRO/KPR i dei aktuelle fagområda. Kommunen kan krevje framlagt dei utrekningane som er grunnlaget for val av dimensjonar, løysingar m.m.
§ 2-2 Krav til planmateriell
Ved søknad om kommunal overtaking av private veg, skal det gå klart fram kva veg som er omfatta av søknaden. Planmateriale/dokumentasjon skal vere tilpassa prosjektet slik at alle nødvendige tekniske detaljar og løysingar kjem tydeleg fram. Omfang av planmateriale/dokumentasjon skal avklarast med kommunen.
Planmateriell for utbygging skal normalt som minimum innehalde:
- Utbyggingsplan/reguleringsplan
- Planteikning veg
- Lengdeprofil veg
- Evt. detaljering
- Mengde- og arbeidsbeskriving etter NS 3420, Statens vegvesen sin prosesskode eller etter
mal for mengde- og arbeidsutgreiing som kommunen nyttar.
§ 2-3 Krav til teikningar
Målestokk:
Målestokk skal veljast slik at det som skal presenterast kjem fram på ein god måte. Den valte målestokk skal førast på teikningane i tal og skala for måling ved opp- og nedkopiering. Val av målestokk skal normalt vere følgjande:
- Oversiktsplan 1:5000 eller 1.2000
- Situasjonsplan 1:1000 eller 1:500 eller 1:200
- Lengdeprofil:
- horisontalt 1:1000 eller 1:500
- vertikalt 1:200 eller 1:100
- Tverrprofil 1:200 eller 1:100
- Byggverk 1:100 eller 1:50 eller 1:20
- Detaljar 1:20 eller større
Revisjon av teikningar:
Ved endring av teikningar etter at teikningane er datert, signert og godkjent skal revisjonen dokumenterast på teikning i revideringsfelt i tittelfeltet.
§ 2-4 Planføresetnader
2-4.1 Veg
Norm for vegutforming og vegoppbygging er utarbeidd med heimel i Samferdsledepartementet sine forskrifter etter veglova § 13. Forskriftene gjeld alle offentlege vegar. Mynde til å fråvike vegnormalane innafor forskriftene sine rammer er Samfunnsutvalet.
Utforming av veg i Gloppen kommune skal ta utgangspunkt i Statens vegvesen sine handbøker N100, Veg- og gateutforming, N101 Rekkverk og vegens sideområde og N200, Vegbygging, med dei presiseringar som går fram av desse retningslinjene.
Følgande planføresetnader skal gjelde:
- Køyretøy L (lastebil) skal nyttast som dimensjonerande køyretøy for renovasjonsbil. LL (liten lastebil) kan aksepterast i vanskeleg terreng.
- Snuplass for lastebil i blindveg skal dimensjonerast for type køyretøy L (lastebil).
- I sentrumsområda skal vegar og gater ha standardklasse S3 (Samlegate) eller A3 (Adkomstgate). I bustadfelt skal vegar ha standardklasse A2 (Atkomstveg). Frittliggande gang- og sykkelvegar skal ha standardklasse GS2 eller GS1.
- Vegar skal dimensjonerast for 10 tonn akseltrykk. Gang- og sykkelveg skal dimensjonerast for 10 tonn akseltrykk.
- Køyrevegar skal normalt ha maks. stigning 1:10. I vanskeleg terreng kan det vurderast ei maks. stigning på 1:8.
- Breidde og kurvatur skal vere i samsvar med reguleringsplan.
- Avkøyrsle frå hovudveg skal utformast i samsvar med retningsliner utgjeve av vegdirektoratet den 16. juli 1964 ”Avkøyrsler frå off. veg”, sist endra i 2003.
- Eventuelle tiltak mot støy skal planleggast i samråd med kommunen.
- Eventuelle fartsdempande tiltak skal planleggast i samråd med kommunen.
Kap III Tekniske krav
§ 3-1 Veganlegg
3-1.1 Generelt
Utforming av veg skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine handbøker N100, Veg- og gateutforming og N200, Vegbygging. Lokale tilpassingar skal avklarast med kommunen.
Toleransekrav skal vere i samsvar med NS 3420.
3-1.2 Underbygging og skråningar
Skråning/skjering i jordmassar | Jordskråningar skal normalt ha helling 1:2, men må tilpassast erosjonstilhøve og stabiliteten til jordarten.
Skråning/skjering i fjell | Fjellskjeringar skal normalt ha helling 5:1, men må tilpassast bergart, forvitring og oppsprekking.
Grunnforsterking | Vegen skal fundamenterast til fjell eller fast grunn. Ved dårleg grunn skal det grunnforsterkast.
Bruk av lett materiale til grunnforsterkning eller bruk av fiberduk, jordarmering eller andre metodar vil vere avhengige av lokale forhold. Bruk av slike metodar skal byggjast på kvalifiserte geologiske vurderingar og skal godkjennast av kommunen.
Fyllingar | Fyllingar skal normalt ha helling 1:2, men må tilpassast erosjons- og stabilitetstilhøva.
3-1.3 Vegfundament/overbygning
Filterlag | Det skal leggjast ut filterlag når det er fare for at finstoff frå grunnen kan trenge opp i forsterkingslaget slik at dette blir telefarleg. Sand/grus og fiberduk kan nyttast.
Forsterkingslag | Forsterkingslaget skal normalt byggast opp av sprengt stein, kult eller pukk. Sand og grus kan også nyttast.
Berelag | Massane skal tilfredsstille kornfordelingskurve for berelagsgrus i samsvar med handbok N200.
Vegdekke | Veg skal ha fast dekke.
3-1.4 Drenering av veganlegg
Stikkrenner | Minimumsdimensjon på stikkrenner skal vere i samsvar med handbok N200. Det kan setjast krav om inntakskum for stikkrenne.
Dimensjonering av stikkrenner ved avrenning frå små felt (mindre enn 2-5 km2 ) kan gjerast ved bruk av den rasjonelle formel. Ved større avrenningsfelt skal dimensjonering utreknast særskilt.
Sluk med sandfang | Drenering av veg mot sandfangskum. Sluk med sandfang skal ha køyresterk rist og fabrikkmontert utlaupstuss.
Sandfangskum skal ha dimensjon d= 650 mm. Dimensjon DN 160 mm på røyr frå sandfangskum.
Kumside, der dykkar/utløp er plassert, skal stå parallelt med vegkanten.
Drenering/drensrøyr | Det skal normalt nyttast djupe sidegrøfter, men det kan og nyttast lukka drensgrøft.
I lukka drensgrøft skal det nyttast godkjende drensrøyr. Røyra skal leggjast med minimum fall 5 ‰.
Veggrøft | Min. breidde veggrøft skal vere 0,75 m.
3-1.5 Kantstein
Kantstein skal vere i samsvar handbok N100. I kurver med radius mindre enn 8 m skal det nyttast kurvekantstein.
3-1.6 Belegningsstein, gatestein
Belegningsstein kan nyttast i sentrumsområde. Val av type, omfang o.l. skal avklarast med kommunen.
3-1.7 Mur
Det skal normalt nyttast naturstein i støttemurar for veg. Andre typar murar, t.d. betongelement, kan også nyttast. Dette skal avklarast med kommunen. Hellinga skal vere maks. 5:1.
Det blir vist til Byggdetaljblad A 517.342, Store støttemurar, og A 517.341, Små skilleog støttemurar. Statens vegvesen sin prosesskode, hovudprosess 7, kan også leggjast til grunn.
3-1.8 Rekkverk, ledegjerde
Rekkverk/ledegjerde skal avklarast med kommunen, men skal generelt følgje krav i handbok N101 Rekkverk og vegens sideareal. Detaljløysingar og estetiske omsyn skal ivaretakast.
3-1.9 Veg- og gatelys
Nye veglysanlegg skal ha fabrikat og oppbygging som dei andre kommunale veglysanlegg av omsyn til reservedelslager, dvs. at det skal normalt nyttast ferdigfundament med boltesett c-c 160 mm og deksel til ferdigfundament. Master/armatur skal vere pulverlakkert, fargeval skal avtalast med kommunen.
Veglysanlegg skal vere plassert slik at anlegget kan driftast og haldast ved like med det utstyret kommunen disponerer. Tilkomst til anlegget eller delar av anlegget som ligg på privat grunn kan kommunen krevje sikra med tinglyste erklæringar.
I målarskap skal det monterast straummålar og tidsur for fotocellestyring.
3-1.10 Kabelanlegg
Kabel skal plasserast på sida av VA-leidning i grøfta.
3-1.11 Skilting og oppmerking
Skilting og oppmerking skal vere utført i samsvar med godkjent skilt- og oppmerkingsplan før overtaking.
3-1.12 Bruer
Statens vegvesen si Handbok N400, Bru-prosjektering, skal nyttast.
Kap V Iverksetting m.m.
§ 5-1 Iverksettingstidspunkt
Denne norma gjeld frå vedtaksdato. Frå same dato blir «Retningslinjer for standard på veg-,vass og avløpsanlegg som skal overtakast av kommunen» vedtekne av kommunestyret den 25. september 2006 oppheva.