Retningslinjer for ervervsløyve for snøskuter i utmark

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 19. desember 2016

Sak: 100/16

Gloppen kommunestyre opnar opp for leigekøyring med snøskuter i utmark i medhald av § 5a i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag. Søknadsperioden vert for 2 år: 2017-2018 med påfølgjande evaluering.

Rådmannen1) tildeler inntil seks løyve i samsvar med vilkår og avgrensing som omtala i saksutgreiinga.

Løyvet gjeld for 2017 og 2018 og skal gjevast på følgjande vilkår:

  • Søkjar må vere busett i Gloppen kommune
  • Løyvet er personleg. Også lag og organisasjonar kan søkje under føresetnad av at førar har godtkjent løyve
  • Løyvet skal vere med under køyring
  • Løyvet gjeld for perioden 1. januar til 30. mai
  • Ved køyring på annan manns grunn, skal det innhentast løyve frå aktuell grunneigar
  • Snøskuter skal vere innregistrert og i lovleg stand
  • Snøskuter skal vere merka med "Ervervsløyve"
  • Løyvet er knytt opp til oppgjeve registreringsnummer på snøskuter. Ved bytte av snøskuter, må kommunen har endringsmelding før løyvet er gyldig.
  • Det skal ikkje køyrast på søndagar og heilagdagar
  • Løyvet gjeld ikkje for køyring i Jostedalsbreen nasjonalpark, Naustdal Gjengedal landskapsvernområde, Ålfotbreen landskapsvernområde, Kolebakkane naturreservat og Kloppemyra naturreservat
  • For all køyring i Førdefjella og Svartebotnen villreinområde skal kommunen kontaktast før køyring. Det skal ikkje køyrast nærmare villrein enn 500 m
  • Løyvet er berre gyldig for føremål etter §§ 3, 5 og ev. 6 i forskrifta og kan ikkje nyttast til rekreasjonskøyring
  • Det skal visast omsyn til vegetasjon, samt vilt og menneske som ferdast i område
  • Køyringa skal så langt som råd følgje eksisterande skogsbilveg/traktorveg, og same spor dersom det vert køyrt fleire turar
  • Køyringa skal så langt som råd samordnast dersom det er fleire som har behov innafor same område i same tidsrom
  • Det skal førast logg for kvar tur med føremål, tidspunkt, og namn på oppdragsgjevar. Logg leverast til kommunen innan 15. juni kvart år.

1) Delegert til utmarksforvaltaren den 21. desember 2016.