Reglar for undergaranti i elveforbyggingssaker i Gloppen

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 26. august 1991

Sak:

1. Før kommunen gjer vanleg skjemavedtak i elveforbyggingssaker, skal interessentane i forbygginga ha gjeve kommunen full undergaranti for det ansvaret kommunen tar på seg overfor NVE i saka.

2. Undergarantien skal sikrast med tinglyst pant i eigedomane til interessentane.

3. Følgjande reglar gjeld for undergarantien:

  • Alle interessentane i ei elveforbygging skal som hovudregel yte undergaranti til kommunen. Fordelinga av undergarantiansvaret er interessentane sitt ansvar. Dersom interessentane ikkje blir samde om fordelinga, skal denne fastsettast av jordskifteverket med endeleg verknad.
  • Storleiken på pantet som skal sikre undergarantien, skal avgrensast til kr 35.000,- etter kroneverdien i juni 1991. Beløpet skal indeksregulerast fortiøpande etter SSB sin byggekostnadsindeks. Utgangspunktet for reguleringa er indeksen pr 15.06.1992 på 223,2 poeng.

4. Formannskapet har fullmakt til å gjere skjemavedtak når det er gjeve undergaranti som oppfyller desse krava.