§ 1 Hovudprinsipp
Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå Gloppen folkebibliotek. Gratisprinsipet gjeld ikkje for kopiering og utskrifter, som skal betalast med kr 1,- pr kopiside.
Personalet har teieplikt om alt som gjeld personopplysingar og utlån.
§ 2 Lånekort
Lånar skal ha lånekort. Barn (under ungdomsskulealder) må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Lånar må sjølv melde frå til biblioteket ved adresseforandring.
§ 3 Lånetid
Vanleg lånetid er:
- 4 veker for bøker, lydbøker, musikk CD og tidsskrift
- Ei veke for film og CD-rom.
Biblioteket kan fastsette særskilt lånetid for enkelte bøker og særskilt materiale, og for enkelte lånarar.
§ 4 Purring og purregebyr
Utlånt materiale, som ikkje er levert tilbake, blir purra etter forfall. Lånar må då betale gebyr for purring etter desse reglane:
- 1. purring kr 10,- (gjeld ikkje for barn under 13 år, som slepp gebyr på 1. purring
- 2. purring kr 20,-.
Institusjonslånarar slepp betale purregebyr.
§ 5 Reservasjon
Utlånt materiale kan reserverast. Biblioteket kan òg låne inn bøker frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar.
§ 6 Lånar sitt ansvar
Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagt eller bortkome materiale må erstattast. Desse minstesatsane gjeld:
- Bøker for vaksne: kr 300,-
- Bøker for barn: kr 150,-
- Lydbøker, CD-rom: kr 300,-
- CD og DVD: kr 150,-.
I tillegg kjem gebyr på kr 30,- ved erstatningskrav.
Bibliotekpersonalet kan fastsette andre satsar ved særskilde høve.
§ 7 Sanksjonar
Dersom lånar ikkje held dei fastsette reglane, kan lånaren miste retten til å låna for ei tid.
§ 8 Iverksetting
Desse reglane gjeld frå fastsettingsdato. Frå same dato blir utlånsreglar fastsette av kulturutvalet den 19.09.1989, oppheva.