Retningslinjer for Ungdommens kulturpris i Gloppen

Vedteke av: Teknisk, landbruk og kulturutvalet

Dato: 8. desember 2004

Sak:

Dette er retningslinjene:  

  1. Namnet på prisen er Ungdommens kulturpris, og prisen vert delt ut i samband med Ungdommens Kulturmønstring
  2. Føremålet med prisen er å inspirere og verdsetje dei unge innanfor kulturmiljøet i Gloppen kommune
  3. Administrasjonen og utdelinga av prisen er lagd til ungdomsrådet i Gloppen. Storleiken på prisen er kr 2.000,-
  4. Kulturprisen kan delast ut til ungdom under 20 år
  5. Kulturprisen kan gjevast til ungdom, eller ungdomsgrupper som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evner og vilje til å yte aktiv kulturinnsats
  6. Prisen kan og delast ut til ungdom som har førebels bustad i Gloppen, og som har markert seg positivt i kulturmiljøet her
  7. Ungdomsrådet i Gloppen syter for å gjere prisen kjend, og set fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 1 - ein - månads varsel skal ungdomsrådet kunngjere fristen i pressa og ved oppslag på skulane. Framlegga skal vere skriftlege og med grunngjeving. Ungdomsrådet kan sjølve gjere framlegg om kandidatar
  8. Ungdomsrådet gjer vedtak om prisen skal utdelast, om kven som skal få prisen, og i tilfelle deling, kor stor del kvar skal få. Prisen skal nyttast til vidare kulturell utfalding
  9. Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidatar, heller ikkje resultatet av ei evt. avrøysting
  10. Ungdomsrådet skal grunngje vedtaket om tildelinga.
  11. Vinnaren av Ungdommens kulturpris får tildelt diplom.