Bruksreglar for kommunale idrettsanlegg

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 29. februar 1988

Sak:

Det er ikkje lenger banestyre for dei kommunale idrettsbanene. Punkt i reglane som viser til banestyret gjeld derfor ikkje. Kultursjefen har overteke dei daglege oppgåvene til det tidlegare banestyret.

I: Ansvars - og virkeområde 

A. 

Kulturutvalet har ansvaret for dei kommunale idrettsbanene, som etter desse reglane omfattar Byrkjelo stadion og banene på Sandane (grus- og grasbane).

Det daglege ansvaret for banene blir lagt til eit banestyre som får slik samansetjing:

  • 2 representantar frå STIL
  • 2 representantar frå Breimsbygda IL
  • 1 representant frå Idrettens Kontaktutval
  • 1 representant valt av kulturutvalet.

Kulturutvalet vel leiar i banestyret. Banestyret vel sjølv sekretær blant sine medlemmar. 

B. 

Banestyret har status som underutval under kulturutvalet, og har følgjande oppgåver:

  • fordele bruk av banene utanom skuletida
  • føre tilsyn med banene
  • kome med budsjettframlegg for banene til kultursjefen. 

II: Rett til å bruke banene 

Dei kommunale banene er opne for alle innbyggjarar i Gloppen kommune, og for elevar ved skulen i kommunen. Andre kan få bruke banene etter særskilt avtale med banestyret.

Desse har 1. retten til å bruke banene:

Byrkjelo stadion:
1. I skuletida: Grunnskulen i Gloppen
2. Utanom skuletida: Breimsbygda IL.

Banene på Sandane:
1. I skuletida: Grunnskulen i Gloppen og Firda vidaregåande skule
2. Utanom skuletida: STIL 

Praktiseringa av førerettane til Breimsbygda IL og STIL er omtala i pkt. 3. 

III: praktisering av førerettane til STIL og Breimsbygda IL 

A.

Breimsbygda IL og STIL sine førerettar omfattar:
- 1.retten til bruk av banene til kampar og stemne
- 1.retten til bruk av banene til trening. 

B. 

Nærare om Byrkjelo stadion:

Følgjande prioritering gjeld utanom skuletida:
1. Terminfesta arrangement, Breimsbygda IL
2. Terminfesta arrangement, andre lag
3. Trening/andre arrangement, Breimsbygda IL
4. Trening/andre arrangement, andre lag.

Byrkjelo stadion er heimebane for laga i Breim, og reservebane for Sandane stadion. 

C. 

Nærare om banene på Sandane:

Følgjande prioritering gjeld utanom skuletida:
1. Terminfesta arrangement, STIL
2. Terminfesta arrangement, andre lag
3. Trening/andre arrangement, STIL
4. Trening/andre arrangement, andre lag.

Sandane stadion er heimebane for STIL og dei andre laga rundt Gloppefjorden, og reservebane for Byrkjelo stadion. 

D. 

Bruk av førerettane innan STIL og Breimsbygda IL er kommunen uvedkommande.  

IV: Fordeling av brukstid 

A. 

Terminfesta arrangement - oppsetting av treningstider:

  • Fordeling av brukstid i vår/haustsesongen blir avgjort av banestyret. 

B. 

Spesielle arrangement - flytting av arrangement:

  • Banestyret fastset rutiner for flytting av terminfesta arrangement og tidfesting av nye kampar/stemner etter reglane i punkt 3
  • Arrangerte lag har ansvaret for at andre lag som har kolliderande trening blir varsla seinast dagen før arrangementet  

V: Vedlikehald og stenging av banene

Gloppen kommune har ansvaret for vedlikehaldet av dei kommunale banene. Stenging av banene blir gjort av banemeisteren. Banestyret fastset rutiner ved stenging i banemeisteren sitt fråvær.  

VI: Ansvar ved bruk av banene 

Banemeisteren sitt ansvar blir fastsett i stillingsforklaring for banemeisterstillinga. 

A. 

Ansvar ved arrangement:
- At bana er oppmerka og at ødvendig utstyr er skaffa til rette
- Tilfredsstillande vakthald under arrangementet
- Opprydding og trakking av grasbana etter arrangementet
- At utlånt utstyr blir levert tilbake.

B.

Ansvar ved trening:
Trening skal føregå på dei delar av bana som laga får tilvist av banemeisteren. Banestyret kan utarbeide detaljerte reglar for bruk av utstyr under trening. 

VII: Brot på reglane - tvistar 

Lag som bryt bruksreglane er økonomisk ansvarleg for skadar som oppstår på bana som følgje av den ulovlege bruken. Ulovleg bruk kan i tillegg føre til utestenging frå bana.

Pålegg til laga om utbedring av skadar og vedtak om eventuell utestenging blir gjort av kulturutvalet etter uttale frå banestyret.

Kulturutvalet har fullmakt til å avgjere tvistar om praktisering av desse reglane.