Reglement for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 30. september 2013

Sak: 45/13

Sist endra av kommunestyret den 2. november 2015 i sak 68/15

I: Heimel og val


§ 1-1 Heimel1)

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er oppretta i medhald av § 2 i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


§ 1-2 Val og samansetting1)

Val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal som hovudregel gjerast på konstituerande kommunestyremøte.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er samansett av fem medlemmer som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Fire av medlemmene, med eit nødvendig tal varamedlemmer skal veljast etter framlegg frå lag og organisasjonar i Gloppen som representerer personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg er varaordføraren med i rådet, med leiaren i oppvekstutvalet som vara.

Dersom eit medlem fell frå eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkommande vararepresentant opp som medlem, og ny varamedlem blir valt.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vel sjølv leiar og nestleiar mellom brukarrepresentantane i rådet.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


II: Arbeidsområde
 

§ 2-1 Arbeidsområde1)

Rådet for fmenneske med nedsett funksjonsevneer eit rådgjevande organ for kommunen, og skal behandle saker som gjeld levekåra for folk med nedsett funsksjonsevne, jfr elles § 1 i lova om representasjonsordninga.

Rådet kan på eige initiativ ta opp saker, men skal ikkje behandle saker som gjeld tilbodet til enkeltpersonar (klientsaker).

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


III: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat


§ 3-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn1

Saksbehandlinga i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal følgje reglane i kommunelova kap. 6. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


§ 3-2 Godtgjersle1)

Medlemmene i rådet for fmenneske med nedsett funksjonsevne har rett til godtgjersle etter eigne reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


§ 3-3 Sekretær1)

Rådmannen, eller den ho/han peikar ut, er sekretær for rådet for fmenneske med nedsett funksjonsevne, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på rådet sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia, at det ligg føre tilråding i saka viss rådet for fmenneske med nedsett funksjonsevne ber om det og at rådet sine vedtak blir iverksette.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


IV: Iverksetting m m


§ 4-1 Iverksetting1)

Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir rådet for funksjonshemma sitt reglement som vart vedteke den 25. februar 2008 oppheva.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.


§ 4-2 Endringar i reglementet1)

Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv etter at rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har uttalt seg.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.