§ 1 Heimel
Kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutval og revisjon.
§ 2 Føremål
Kontrollutvalet fører løpande kontroll med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegner.
Utvalet skal gjennom sitt arbeid sørge for at innbyggjarane og andre har tillit til kommunen. Utvalet kontrollerer at kommunen leverer sine tenester og utfører sitt mynde effektivt og målretta i samsvar med lover, forskrifter og kommunestyret sine føresetnadar. Utvalet skal stå fram som eit uavhengig, objektivt og synleg organ.
§ 3 Val og samansetjing
Kommunestyret vel kontrollutvalet sine 5 medlemmer og 5 varamedlemmer, leiar og nestleiar. Valet gjeld for den kommunale valperioden. Leiaren kan ikkje vere medlem av same parti eller høyre til same gruppe som ordføraren.
Kontrollutvalet vert valt som første utval etter val av formannskap, ordførar og varaordførar.
Minst ein av medlemmene skal veljast blant kommunestyret sine medlemmer.
Kommunestyret kan når som helst velje medlemmer til kontrollutvalet på nytt. Dersom ein eller fleire medlemmer av utvalet skal skiftast ut, skal alle medlemmene bli valde på nytt.
Etter kommunelova § 23-1 er følgjande ikkje valbare til kontrollutvalet:
- Ordførar og varaordførar
- Medlemmer og varamedlemmer av formannskap
- Medlemmer og varamedlemmer i folkevalde organ med vedtaksmynde, med unntak av kommunestyret.
- Tilsette i kommunen
- Personer som har ei leiande stilling, eller som er medlem eller varamedlem av styret eller bedriftsforsamlinga, i eit selskap som kommunen har eigarinteresse i.
- Personer som har ei leiande stilling, eller som er medlem eller varamedlem av styret i eit interkommunalt politisk råd eller kommunalt oppgåvefellesskap.
Utover dette gjeld kommunelova sine reglar om val av faste utval.
§ 4 Ansvarsområde og gjeremål
Kontrollutvalet skal syte for at følgjande oppgåver vert utført, jf. kommunelova § 23-2:
Sjå til at kommunen sine rekneskap vert revidert på ein trygg måte.
Føre kontroll med at den økonomiske forvaltninga er i samsvar med gjeldande føresegner og vedtak.
Syte for at det vert gjennomført forvaltningsrevisjon av kommunen si verksemd, og av selskap kommunen har eigarinteresser i.
Syte for kontroll med forvaltning av kommunen sine eigarinteresser i selskap mv.(eigarskapskontroll).
Sjå til at kommunestyret sine vedtak om revisjonsrapportar vert følgde opp.
Kontrollutvalet skal, innan utgangen av året etter nytt utval er på plass, legge fram plan for forvaltningsrevisjon og plan for eigarskapskontroll (kontrollutvalsplan) til kommunestyret . Det er kommunestyret som vedtek desse planane.
Det er berre kommunestyret som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver utanom dei oppgåvene som er lovfesta.
Kontrollutvalet skal rapportere resultatet av arbeidet sitt til kommunestyret.
Kontrollutvalet skal vedta årsmelding for eiga verksemd, som vert lagt fram for kommunestyret.
Kontrollutvalet kjem med tilråding til budsjett for drift av utvalet. Denne tilrådinga vert innarbeidd i formannskapet sitt samla framlegg til budsjett. Tilrådinga frå kontrollutvalet skal følgje budsjettsaka til kommunestyret.
Kontrollutvalet har fullmakt til å endre budsjettet innanfor råma som er vedteken for drift av utvalet.
§ 5 Kontrollansvar og innsyn
Kontrollutvalet kan krevje at kommunen legg fram alle opplysningar, utgreiingar eller dokument som utvalet meiner er nødvendig for å utføre sine oppgåver.
Etter kommunelova § 23-6 kan kontrollutvalet i tillegg krevje dei opplysningane som er nødvendige for å gjennomføre sin kontroll, frå:
- Interkommunale selskap, etter IKS-lova
- Interkommunale politiske råd
- Kommunale oppgåvefellesskap
- Aksjeselskap der ein kommune aleine eller saman med andre kommunar, eller interkommunale selskap direkte eller indirekte eiger alle aksjar.
Kontrollutvalet kan òg gjere undersøkingar som utvalet meiner er nødvendige.
Teieplikt er ikkje til hinder for kontrolltiltaka etter kommunelova § 23-2.
Kontrollutvalet sin innsynsrett og rett til å gjere undersøkingar gjeld på tilsvarande måte overfor andre verksemder som utfører oppgåver på vegne av kommunen, men omfattar berre det som er nødvendig for å undersøke om kontrakten vert oppfylt.
§ 6 Møte
Ordføraren har møte- og talerett i kontrollutvalet.
Ansvarleg revisor, eller den han peikar ut, har møte- og talerett i kontrollutvalet. Revisor har rett til å få sine uttalar protokollert.
Kontrollutvalet sin leiar har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker skal behandlast. Leiaren kan la ein av dei andre medlemmene i kontrollutvalet utøve denne retten på sine vegne.
Kontrollutvalet eller einskildmedlemmar av utvalet kan delta i andre møte, studiereiser, synfaringar, konferansar og samlingar mv. som eit ledd i tilsynsansvaret.
Kontrollutvalet har òg rett til å vere til stades i lukka møte i folkevalde organ i kommunen, men kommunestyret kan sjølv avgjere at denne retten ikkje skal gjelde i kommunestyremøte.
Kontrollutvalet skal bli varsla om møte i representantskap og generalforsamlingar til selskap som er 100 % kommunalt eigde og som kommunen eig eller er medeigar i, og har rett til å vere til stades i desse møta. Kontrollutvalet har ikkje talerett i desse møta.
Kommunedirektøren eller tilsett i kommunen kan kallast inn til møte i kontrollutvalet for å svare på spørsmål om faktiske forhold eller klargjere eit saksforhold. Kommunedirektøren skal alltid orienterast dersom tilsette vert kalla inn til kontrollutvalet.
Ved særlege høve kan kontrollutvalet gjennomføre møte som fjernmøte.
§ 7 Saksbehandling
Sakhandsaming i kontrollutvalet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sine reglar for sakshandsaming i folkevalde organ.
§ 8 Sekretariat
Kontrollutvalet skal ha ei eiga sekretariatsordning som er tilpassa utvalet sitt behov. Sekretariatet skal ha kompetanse til å støtte kontrollutvalet på sitt funksjonsområde.
Sekretariatet skal vere uavhengig av kommunen sin administrasjon og av den eller dei som utførar revisjon for kommunen.
Sekretariatfunksjonen kan difor ikkje bli lagt til:
- Tilsette i kommunen som har andre arbeidsoppgåver enn å vere sekretær for kontrollutvalet.
- Den som utfører revisjon for kommunen.
- Medlemmer av kontrollutvalet eller kommunestyret i kommunen.
Kommunestyret fastset kva sekretariatsordning kontrollutvalet skal ha etter tilråding frå kontrollutvalet.
Sekretariatet sine oppgåver:
Sekretariatet skal sjå til at dei sakene som skal handsamast av kontrollutvalet er forsvarleg utgreidd og gir tilråding i sakene.
Sekretariatet sørgjer for innkalling og føring av møtebok i samband med møta i kontrollutvalet.
Sekretariatet skal sjå til at kontrollutvalet sine vedtak, og kommunestyret sine vedtak i saker som kontrollutvalet fremjar for kommunestyret, vert effektuerte.
Sekretariatet skal sjå til at kontrollutvalet har eit arkiv som er ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid slik arkivlova krev.
Sekretariatet skal sikre at offentleglova vert følgt og at innsyn i møtedokument, postjournal med meir er lagt til rette like godt som kommunen elles.
Sekretariatet skal følgje opp at saker som gjeld kontrollutvalet sitt ansvar og sine oppgåver etter lov og forskrift vert ivareteke og forsvarleg løyste. Kontrollutvalet kan leggje andre arbeidsoppgåver til sekretariatet i den grad lov eller forskrift ikkje er til hinder for dette.
Sekretariatet har fullmakt til å ta avgjerd i samråd med leiar i saker som er kurante der det haster med ei avgjerd med melding til utvalet i neste møte.
Sekretariatet kan, i samråd med leiar, tinge ekstraordinære kontrollhandlingar når det haster å få sett i gang kontrollen.
Sekretariatet kan, i samråd med leiar, kalle inn til ekstraordinært møte i kontrollutvalet når dette er naudsynt.
§ 9 Revisjon
Kontrollutvalet skal sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
Kontrollutvalet kan evaluere revisjonsordninga og tilpasse denne til lovmessige krav og kommunestyret sitt tilsynsbehov.
Kontrollutvalet legg opp til revisjonsordning tilpassa kommunestyret sitt tilsynsbehov.
Kommunestyret vedtek revisjonsordning og val av revisor etter tilråding frå kontrollutvalet