Reglement for kommunestyret

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 18. desember 2023

Sak: 101/23

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel

Kommunestyret er oppretta etter kommunelova og valt etter reglane i vallova

§ 1-2 Val og samansetning

Kommunestyret er sett saman av 27 representantar med eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar som er direkte valde av innbyggarane i Gloppen kommune.

Dersom eit medlem i kommunestyret fell frå, eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkomande vararepresentant opp som medlem. 


§ 1-3 Organisatorisk plassering

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ. 

II: Arbeidsområde 

§ 2-1 Arbeidsområde

Kommunestyret gjer vedtak på kommunen sine vegner i alle saker så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegeringsvedtak.

§ 2-2 Lovpålagde oppgåver

Kommunestyret skal gjere vedtak i ei rekke saker som er lovpålagde, eller pålagde i medhald av lov. Desse sakene skal etter lovteksten avgjerast av "kommunestyret sjølv".

§ 2-3 Andre saksområde  

Kommunestyret skal sjølv gjere vedtak som gjeld:

  • opptak av lån og inngåing av langsiktige leigeavtalar 
  • kommunalt regelverk som skal politisk handsamast, unnateke regelverk som gjeld personalsaker 
  •  prinsippsaker 
  • nye standardar på kommunale tenester og tilbod, og oppretting av nye 
  • politisk organisering 
  • hovudlinjene i den administrative organiseringa 
  • varig delegasjon 
  • deltaking i forpliktande interkommunalt samarbeid 
  • lokale folkeavstemmingar 

Kommunestyret avgjer sjølv kva andre saker kommunestyret skal handsame. 

III: Spesielle funksjonar 

§ 3-1 Klageorgan 

Kommunestyret er klageorgan på enkeltvedtak i formannskapet, dersom dette ikkje er særlovssaker. 

§ 3-2 Kommunestyret som arbeidsgjevar 

Kommunestyret har det overordna arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i Gloppen kommune. I dette ligg å vedta kommunen sin arbeidsgjevar- og personalpolitikk, og fastsette rammer og tildele ressursar. Det daglege arbeidsgjevaransvaret ligg til kommunedirektøren. 

§ 3-3 Kommunestyret som grunneigar m.m. 

Kommunestyret er vedtaksorgan i saker som vedkjem kjøp, sal og feste av eigedomar, unnateke mindre tilleggsareal og sal av tomter i regulerte bustadfelt, der prisen og tildelingsvilkåra er fastsette på førehand. Pantsetting av kommunal eigedom skal godkjennast av kommunestyret. 

IV: Møteavvikling, sakshandsaming og sekretariat 

§ 4-1 Møteavvikling, sakshandsaming og innsyn 

Sakshandsaminga i kommunestyret skal følgje reglane i kommunelova kap. 11. I tillegg gjeld eige reglement for sakshandsaming og innsyn for folkevalde organ i Gloppen. 

§ 4-2 Godtgjersle 

Medlemmene i kommunestyret har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen. 

§ 4-3 Sekretær 

Kommunedirektøren er sekretær for kommunestyret, og har møteplikt og møte- og talerett på kommunestyret sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at sakene er forsvarleg utgreidde, og at kommunestyret sine vedtak blir iverksette. 

Utvalet som har handsama ei sak, er ansvarleg for at der ligg føre tilråding i denne til kommunestyret. 

V: Iverksetting m.m. 

§ 5-1 Iverksetting 

Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (18. desember 2023). Frå same tidspunkt blir kommunestyret sitt reglement som vart vedteke den 30. oktober 2019, oppheva. 

§ 5-2 Endringar i reglementet 

Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv