Reglement for høyringar i kontrollutvalet

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 14. desember 2015

Sak: 77/15

§ 1 Verkeområde og føremål

  1. Kontrollutvalet kan halde høyringar innan sitt ansvarsområde. Med høyring vert meint eit møte i kontrollutvalet der ein mottar munnlege forklaringar frå personar som er bedne om å møte for å få belyst ei spesiell sak eller eit saksområde.
  2. Føremålet med reglementet er å sikre kontrollutvalet og kommunestyret sitt informasjonsbehov i kontrollsaker og ei god framdrift i høyringa, samtidig som omsynet til dei innkalla sin rettstryggleik vert ivareteken.
  3. Kontrollutvalet sine høyringar skal haldast i tråd med dette reglementet.

 

§ 2 Førebuing av høyring

  1. Kontrollutvalet kan med vanleg fleirtal bestemme at det skal haldast høyring i ei kontrollsak, og kven som skal kallast inn for å møte. Høyringa skal i utgangspunktet vere open, men kontrollutvalet kan likevel med vanleg fleirtal bestemme at heile eller deler av høyringa skal vere lukka. Avgjerda om heilt eller delvis å gjennomføre høyringa for lukka dører må grunngjevast med gyldig lovheimel.
  2. Kontrollutvalet må klart definere føremålet med høyringa og kva utvalet ventar å oppnå. I tillegg bør kontrollutvalet ha ein forventing om kva lærdom som kan trekkast ut av høyringa kontra bruk av andre verkemiddel.
  3. Før høyringa gjennomfører kontrollutvalet særskilde saksførebuande møte. Kontrollutvalet bør gå gjennom dei problemstillingane som ein ønskjer å belyse, med sikte på å gjere utspørjinga mest mogeleg effektiv. Utvalet må også ta stilling til kor mykje bakgrunnsinformasjon som er naudsynt å innhente for gjennomføringa. Vidare bør det fastsetjast ein framdriftsplan for høyringa.
  4. Under dei saksførebuande møta bestemmer kontrollutvalet kven som skal veljast som hovudutspørjar under høyringa, jf § 4 tredje ledd. Kontrollutvalet kan i tillegg til hovudutspørjar, også velje fleire utspørjarar blant utvalet sine medlemar. Valet av hovudutspørjarar bør skje ut frå omsynet til å få saka allsidig belyst.

 

§ 3 Den innkalla si stilling

  1. Rådmannen har møteplikt ved innkalling til høyring. Andre tilsette i kommunen kan inviterast direkte for å møte i høyring. Rådmannen skal i slike tilfelle alltid varslast, og gjevast høve til å vere til stades. Spørsmål stillast direkte til den tilsette, men rådmannen skal gjevast høve til å supplere forklaringa om ønskjeleg.
  2. Eksterne aktørar kan inviterast til å møte til høyring for å gje opplysningar.
  3. Den som kallast inn / inviterast til å møte til høyring, skal varslast i så god tid som mogeleg. Innkallinga skal opplyse om den eller dei saker som kontrollutvalet ønskjer forklaring om. Kopi av dette reglement skal leggast ved. Det skal vidare opplysast om at høyringa skal vere open, og om at det skal skrivast referat. Dei som møter skal ha tilgang til kontrollutvalet sine saksdokument med mindre reglar om unnatak frå offentleg innsyn / teieplikt tilseier noko anna.
  4. Dersom eit spørsmål ikkje kan svarast på utan å røpe opplysningar som er underlagt lovbestemt teieplikt, bør den innkalla gjere kontrollutvalet merksam på dette. Den innkalla kan be kontrollutvalet om å få forklare seg heilt eller delvis for lukka dører. Dersom eit slikt spørsmål kjem opp, skal kontrollutvalet avbryte høyringa, og handsame spørsmålet i lukka møte.
  5. Den innkalla skal ha høve til å peike ut ein person som vedkomande møter saman med. Den innkalla har rett til å konferere med denne personen før svar på spørsmål. Dersom møteleiar gir høve til dette, kan også denne personen supplere forklaringa til den innkalla. Dersom den som møter saman med den innkalla krev honorar, må dekking av slike utgifter avklarast på førehand.

 

§ 4 Gjennomføring av høyringa

  1. Kontrollutvalet sin leiar skal innleiingsvis orientere om temaet for høyringa og dei prosedyrar som gjeld. Leiaren ser til at spørsmåla held seg innanfor det tema som er oppgitt, og at den innkalla sin rettstryggleik vert ivareteken.
  2. Før kontrollutvalet startar utspørjinga, skal den innkalla gjevast inntil 10 minutt til å gi sin versjon av saka. Leiaren kan utvide den innkalla si taletid i den grad det vert sett på som naudsynt for å opplyse saka.
  3. Høyringa vert innleia med at den valde hovudutspørjar stiller sine spørsmål. Deretter får dei andre medlemane i kontrollutvalet ordet til spørsmål i den rekkefølgje dei ber om dette. Etter at utspørjinga er ferdig, skal den innkalla gjevast høve til å gi ein kort sluttkommentar.
  4. Meiningsutveksling mellom kontrollutvalet sine medlemar skal ikkje finne stad under høyringa. Medlemane skal heller ikkje kommentere dei svar som vert gjevne, anna enn der dette går inn som ein naturleg del av eit oppfølgingsspørsmål. Upassande eller fornærmande åtferd eller spørsmål er ikkje tillate. Dette skal påtalast av møteleiar.
  5. Eit medlem av kontrollutvalet kan krevje at høyringa vert avbroten for at kontrollutvalet skal behandle den vidare framdrifta, inkludert framlegg om at høyringa skal avsluttast eller halde fram for lukka dører. Kontrollutvalet kan berre ta mot teiepliktbelagde opplysningar for lukka dører. Under open høyring må kontrollutvalet sine medlemar ikkje gjengi eller vise til opplysningar som er underlagt lov- eller instruksfesta teieplikt.

 

§ 5 Etterarbeid

  1. Kontrollutvalet skal utarbeide rapport frå høyringa. Rådmannen skal gjevast høve til å uttale seg til rapporten, jf. kommunelova § 77 nr 6. Rådmannen sin uttale skal ligge ved rapporten.

Rapporten vert send over til kommunestyret for slutthandsaming, med innstilling frå kontrollutvalet.