Reglement for hovudutvala

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 18. desember 2023

Sak: 101/23

I: Heimel, val og organisatorisk plassering  

§ 1-1 Heimel

Hovudutvala er folkevalde organ oppretta i medhald av kommunelova § 5-1.  

§ 1-2 Utval, val og samansetting

Gloppen kommune har to hovudutval: 

  • driftsutvalet 
  • samfunnsutvalet 

I tillegg kjem formannskapet og administrasjonsutvalet som har hovudutvalsfunksjonar etter eigne
reglement. 

Driftsutvalet har ni medlemmer og samfunnsutvalet har sju medlemmar og eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar, valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Utvalsmedlemmene skal som hovudregel veljast blant kommunestyret sine medlemmer. Leiar og nestleiar skal veljast av
kommunestyret. 

Dersom eit medlem/varamedlem fell frå eller blir løyst frå vervet, skal nytt medlem/varamedlem veljast. Dersom utvalet er samansett etter reglane om høvetalsval, skal utvalet supplerast frå gruppa til den som går ut. 

§ 1-3 Organisatorisk plassering 

Hovudutvala er direkte underlagde kommunestyret, unnateke i budsjett- og økonomiplansaker, der utvala er underlagde formannskapet som økonomiutval. 

Utvala er innstillande organ overfor kommunestyret i alle saker innanfor sine ansvars- og arbeidsområde, der innstillingsretten ikkje er lagt til formannskapet eller kontrollutvalet. 

II: Arbeidsområde og fullmakter 

§ 2-1 Generelt 

Hovudutvala skal jamleg drøfte og ta stilling til saker som har noko å seie for vegval og økonomisk styring, og innanfor sine ansvarsområde er utvala ansvarlege for: 

  • samordning, planlegging og tilrettelegging av kommunen sin aktivitet og tenester  
  • planmessig, rasjonell og økonomisk organisering og drift av tenestene innanfor budsjettet sitt, rammer og føresetnader 
  • naudsynt samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ som har oppgåver/ansvar for å gje tilbod til innbyggjarane 


Utvala har – innanfor ansvarsområda sine, avgjerdsrett i alle saker som ikkje er lagde til kommunestyret sjølv, formannskapet, administrasjonsutvalet eller kommunedirektøren. Utvala skal føre kontroll med at vedtaka innanfor ansvarsområda sine blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda på tenleg måte. 

Fullmaktene og arbeidsoppgåvene til hovudutvala følgjer elles av kommunen sitt delegeringsreglement, der også oppgåver og mynde etter anna kommunalt regelverk er teke med. 

§ 2-2 Arbeidsområde for driftsutvalet 

Driftsutvalet har som arbeids- og ansvarsområde kommunen sine tilbod om lovpålagd opplæring og helse-, omsorgs- og sosialtenester. 

§ 2-3 Arbeidsområde for samfunnsutvalet 

Samfunnsutvalet har som arbeids- og ansvarsområde kommunen sine tekniske tenester, næringsutvilking, landbruk, natur- og miljøvern og kultur- og idrettstilbod. Samfunnsutvalet skal haldast orientert om kommunens beredskapsarbeid. 

§ 2-4 Fordeling av saker 

I tvilstilfelle avgjer ordføraren kva utval som skal handsame saka. Saker som fell utanfor hovudutvala sine ansvarsområde, eller som omfattar saksområde til meir enn eitt utval, skal handsamast av formannskapet.
Utvala har elles rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem sitt ansvarsområde, unnateke personalsaker. 

III: Spesielle funksjonar og fullmakter 

§ 3-1 Felles for hovudutvala

Hovudutvala er styre for dei avdelingane/institusjonane som ligg innanfor sine ansvarsområde. Utvala kan opprette komitear for å løyse tidsavgrensa oppgåver, og vel kommunen sine representantar til styre og utval innanfor sitt arbeidsområdet dersom ikkje oppnemningsretten er lagt til andre organ.
Utvala er underinstans i klagesaker – unnateke klient- og pasientsaker, og tilsvarande saker innan oppvekst sitt ansvarsområde – der administrative vedtak blir påklaga, og klageinstansen er statsforvaltaren. 

§ 3-2 Spesielle funksjonar for driftsutvalet 

Driftsutvalet har desse funksjonane/oppgåvene:

  • styre for August Christian Mohr legat 
  • styre for Thorbergsens legat 

§ 3-3 Spesielle funksjonar og fullmakter for samfunnsutvalet 

Samfunnsutvalet har desse funksjonane: 

  • styre for Anders Klaussen og Alfrida Egges Minnelegat 
  • samfunnsutvalet er kommunen sitt planutval, og handsamar arealsakene og arealplansakene i samsvar med fullmaktene i delegeringsreglementet 

IV: Møteavvikling, sakshandsaming og sekretariat 

§ 4-1 Møteavvikling, sakshandsaming og innsyn 

Sakshandsaminga i hovudutvala skal følgje reglane i kommunelova kap. 11. I tillegg gjeld eige reglement for sakshandsaming og innsyn for folkevalde organ i Gloppen. 

§ 4-2 Godtgjersle 

Medlemmene i hovudutvala har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen. 

§ 4-3 Sekretær 

Kommunedirektøren, eller den hen peikar ut, er sekretær for hovudutvalet, og har møteplikt og møte-, tale- og framleggsrett på hovudutvalet sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at sakene er forsvarleg utgreidde, at det ligg føre tilråding i saka og at hovudutvala sine vedtak blir iverksette. 

V: Iverksetting m.m. 

§ 5-1 Iverksetting 

Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (18. desember 2023).  Frå same tidspunkt blir hovudutvala sitt reglement som vart vedteke den 30. oktober 2019 oppheva. 

§ 5-2 Endringar i reglementet 

Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv