Reglement for eldrerådet

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 30. september 2013

Sak: 45/13

Sist endra av kommunestyret den 2. november 2015 i sak 68/15.

I: Heimel og val

§ 1-1 Heimel

Eldrerådet er oppretta i medhald av lov om eldreråd § 1.  

§ 1-2 Val og samansetting 

Val av eldreråd bør gjerast på konstituerande kommunestyremøtet.

Eldrerådet er samansett av 7 medlemmer med varamedlemmer som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. 5 av medlemmene med varamedlemmer skal veljast etter framlegg frå pensjonistlaga i kommunen. Dei to andre skal veljast slik:
- eitt medlem med varamedlem frå driftsutvalet
- eitt medlem med varamedlem frå samfunnsutvalet

Dersom eit medlem fell frå eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkommande vararepresentant opp som medlem, og ny varamedlem blir valt.

Eldrerådet vel sjølv leiar og nestleiar mellom pensjonistane i utvalet.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.  

II: Arbeidsområde 

§ 2-1 Arbeidsområde for eldrerådet

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal behandle saker som gjeld levekåra for dei eldre. Rådet kan på eige initiativ ta opp saker.

Eldrerådet skal utarbeide årsmelding for verksemda si.  

III: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat 

§ 3-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn

Saksbehandlinga i eldrerådet skal følgje reglane i kommunelova kap. 6

I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.  

§ 3-2 Godtgjersle 

Medlemmene i eldrerådet har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.

§ 3-3 Sekretær

Rådmannen, eller den ho/han peikar ut, er sekretær for eldrerådet, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på rådet sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia, at det ligg føre tilråding i saka viss eldrerådet ber om det at eldrerådet sine vedtak blir iverksette. 

IV: Iverksetting m m 

§ 4-1 Iverksetting

Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir eldrerådet sitt reglement som vart vedteke den 17. november 2003 oppheva.

§ 4-2 Endringar i reglementet

Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv etter at eldrerådet har uttalt seg.