Reglement for administrasjonsutvalet

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 18. desember 2023

Sak: 101/23

I: Heimel, val og organisatorisk plassering 

§ 1-1 Heimel

Administrasjonsutvalet er oppretta i medhald av § 5-11 i kommunelova og § 4 i hovudavtalen

§ 1-2 Val og samansetning 

Administrasjonsutvalet er sett saman av 4 medlemmer frå formannskapet frå arbeidsgjevarsida, med varaordføraren som leiar, og 3 medlemmer utpeika av arbeidstakarorganisasjonane etter reglane i § 4 i hovudavtalen. Kommunestyret vel nestleiar blant dei tre andre arbeidsgjevarrepresentantane. 

Funksjonstida følgjer den kommunale valperioden for arbeidsgjevarrepresentantane. 

Arbeidstakarrepresentantane blir valde for to år om gongen. 

Dersom eit medlem fell frå eller blir løyst frå vervet, blir nytt medlem valt, sjølv om det er valt varamedlem. Leiarvervet følgjer varaordførarvervet. 

§ 1-3 Organisatorisk plassering 

Administrasjonsutvalet er direkte underlagt kommunestyret, unnateke i budsjett- og økonomiplansaker, der utvalet er underlagt formannskapet. Utvalet er innstillande organ overfor kommunestyret i alle saker innanfor ansvarsområdet sitt. 

II: Arbeidsområde og fullmakter

§ 2-1 Arbeidsområde - generelt 

Administrasjonsutvalet er kommunen sitt hovudutval i personal- og organisasjonssaker, og har som arbeidsområde dei oppgåver som har tilknyting til kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon, her inkludert oppgåver som følgjer av § 4 i hovudavtalen, del B. 

Utvalet har eit hovudansvar for å ta initiativ innan sitt arbeidsområde, og har ei generell fullmakt til å gjere vedtak i alle saker innanfor arbeidsområdet der avgjerdsretten ikkje er lagt til andre folkevalde organ eller til kommunedirektøren. Det er utvalet si oppgåve å gje innspel til kommunedirektøren i alle saker som gjeld kommunen sin organisasjonspolitikk. 

Administrasjonsutvalet har som generell oppgåve å sjå til at Gloppen kommune er administrativt organisert på ein slik måte at kommunen er i stand til å yte innbyggjarane god service og gode tenester. 

Administrasjonsutvalet skal føre kontroll med at vedtak innanfor sitt ansvarsområde blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda.
Fullmakter og arbeidsoppgåver til administrasjonsutvalet følgjer elles av kommunen sitt delegeringsreglement, der også oppgåver og mynde etter anna kommunal regelverk er teke med. 

§ 2-2 Saker det administrasjonsutvalet har avgjerdsrett 

Administrasjonsutvalet har avgjerdsrett i desse sakene: 

  • Fastsette kommunalt regelverk innanfor sitt arbeidsområde, unnateke stillingsinstruksar/stillingsforklaringar og regelverk som vedkjem arbeidsmiljøet 
  • Avgjere tvistespørsmål om tolking og praktisering av avtalar og regelverk som vedkjem
    arbeidstakarane sine tilsettings- og arbeidsvilkår og praktiseringa av hovudavtalen og
    hovudtariffavtalen

§ 2-3 Saker der administrasjonsutvalet har uttalerett 

Administrasjonsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem dei folkevalde si arbeidsgjevarrolle, her inkludert:

  • økonomiplanen og årsbudsjettet når det gjeld problemstillingar knytt til utvalet sitt arbeidsområde 
  • regelverk innanfor sitt saksområde der avgjerdsretten ligg til andre folkevalde organ 
  • endring av organisasjons- og bemanningsplanar der vedtaksretten ikkje ligg til kommunedirektøren 
  • planar og strategiar som gjeld kommunen sin organisasjonspolitikk


Administrasjonsutvalet skal uttale seg i alle saker som kommunestyret, formannskapet, ordføraren eller kommunedirektøren ber om uttale på. 

III: Spesielle funksjonar m.m. 

§ 3-1 Likestillingsutval 

Administrasjonsutvalet er kommunen sitt likestillingsutval, og skal arbeide for at likestillings- og inkluderingsperspektivet blir ivareteke og innarbeidd på alle kommunale område. 

IV: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat 

§ 4-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn 

Saksbehandlinga i administrasjonsutvalet skal følgje reglane i kommunelova kap. 11. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen. 

Dei tilsette sine representantar kan ikkje veljast til utval som arbeidsgjevarrepresentantar, eller delta i handsaminga av saker som direkte vedkjem kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon. 

§ 4-2 Godtgjersle 

Medlemmene i administrasjonsutvalet har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen. Tapt arbeidsforteneste blir utbetalt også til dei tilsette sine representantar viss møtedeltakinga fører til trekk i lønn. 

§ 4-3 Sekretær 

Personalsjefen er sekretær for administrasjonsutvalet, og har møteplikt og tale- og forslagsrett på utvalet sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at sakene er forsvarleg utgreidde, at det ligg føre tilråding i saka og at administrasjonsutvalet sine vedtak blir iverksette. 

V: Iverksetting m.m. 

§ 5-1 Iverksetting 

Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (18. desember 2023). Frå same tidspunkt blir administrasjonsutvalet sitt reglement som vart vedteke den 30. oktober 2019, oppheva. 

§ 5-2 Endringar i reglementet 

Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv